Saksbehandlinga steg for steg

Her kan du lese meir om saksgangen frå søknadsskjemaet kjem inn til oss, og fram til saka er ferdigbehandla.

Følg saka di på Mi side

Skriv ut Bokmål | English | 19. juni 2019

Innleiande saksbehandling
Du kan velje om du vil sende søknadsskjemaet digitalt eller med post. Vi tilrår at du sender det digitalt, det er enklare for deg og vi kan starte saka di raskare.

Vi vil hente inn ein uttale frå den behandlingsstaden der du meiner skaden skjedde. Vi hentar òg inn eventuell annan relevant dokumentasjon, som journalar og liknande. Du vil få kopi av uttalen frå behandlingsstaden og har høve til å kommentere han.

Saksbehandlar greier ut saka 
Saksbehandlaren vil sjå på dokumentasjonen vi har fått inn og hente inn meir informasjon om nødvendig. Dei viktigaste dokumenta i saka er innspela dine, journal, uttale frå behandlingsstaden og ei sakkunnig vurdering av saka di.

Vi orienterer deg om kva som skjer undervegs i saka di. Du kan sjølvsagt òg ta kontakt med saksbehandlaren din, om du lurer på noko eller har nye opplysingar i saka.

Vurdering av dei medisinske problemstillingane i saka
Vi innhentar medisinsk sakkunnig vurdering i dei fleste sakene. Den sakkunnige skal ut frå den faglege bakgrunnen sin som spesialist gi ei vurdering av den behandlinga og oppfølginga pasienten har fått.

Saksbehandlar greier ut om du har krav på erstatning eller ikkje.

Utrekning av erstatning
Om vi meiner at du har rett til erstatning, vil vi finne fram til storleiken på erstatninga. I denne fasen av saksbehandlinga treng vi innspel og informasjon frå deg. Vi reknar ut erstatninga etter lov om skadeerstatning.

Saksbehandlaren vil fastsetje erstatninga ut frå den konkrete situasjonen du er i, slik at dei noverande og framtidige økonomiske tapa dine blir dekte. Erstatninga skal dekkje dei tapa du har, som ikkje blir dekte av eventuelle sjukepengar, trygderettar og liknande.

Målet er at du skal ha tilnærma den same økonomiske situasjonen som du hadde før skaden skjedde.