Pasientskade - nokre grensetilfelle

Internt fagnotat om kva vi i nokre grensetilfelle legg i omgrepet pasientskade.

Om å søkje erstatning

Her finn du meir informasjon om å søkje erstatning for pasientskade

>Om å søkje erstatning

Skriv ut Bokmål | English | 27. juni 2019

1.   Innleiing
2.   Ambulansetransport
3.   På veg til og frå behandlingsstaden
4.   Til og frå behandling inne på behandlingsstaden
5.   Trening som eit ledd i behandlinga
6.   Private gjeremål
7.   Skade på gjester
8.   Tvangsinnlegging
9.   Inndrege førarkort
10. Brot på teieplikt
11. Overgrep på pasient
12. Skadar på personlege eigedelar
13. Påkjenning med å ha smitta andre
14. Sjukmelding
15. Utsett operasjon
16. Melding om yrkesskade og liknande
17. Bekymringsmelding til barnevernet

1. Innleiing
For at ein skade skal kunne omfattast av pasientskadelova må det liggje føre ein pasientskade i tråd med § 1 andre ledd. Ein pasientskade er ein skade ein har fått i ein behandlingssituasjon. Ein er i ein behandlingssituasjon når ein tek imot behandling, undersøking, pleie, rettleiing med meir i til dømes sjukehus eller hos fastlege. Ein er òg i ein behandlingssituasjon når helsepersonell gir helsehjelp elles.

Nedanfor finn du nokre typetilfelle og eksempel frå praksis.

2. Ambulansetransport
Det er ikkje avgjerande om vi kan karakterisere sjølve transportmiddelet som ein ambulanse, men om vi må rekne transporten som ein ambulansetransport. Dette vil til dømes vere i tilfelle der drosje, rutefly og privatbil blir nytta i organisert ambulansetransport i tråd med avtale med helsetenesta. (Sjå førearbeida Ot.prp. nr. 31 for 1998-99 side 44)

3. På veg til og frå behandlingsstaden
Skadar som følgje av fall på is, takstein i hovudet m.m., som skjer på veg til og frå behandlingsstaden, er ikkje ein pasientskade. Pasientar som vil søkje erstatning etter slike skadar kan rette kravet direkte mot sjukehuset.

Eksempel
Ein pasient fall på glatt golv på veg frå venterommet inn til ein poliklinisk konsultasjon. Vi meinte at pasienten ikkje var i ein behandlingssituasjon då skaden skjedde, og pasienten hadde difor ikkje rett til erstatning.

4. Til og frå behandling inne på behandlingsstaden
Vi meiner at pasientar som ligg på sjukehus er i ein behandlingssituasjon når dei flyttar seg til og frå undersøkingar/behandlingar mellom dei forskjellige avdelingane.

Eksempel
Saka gjeld ein pasient som var til opptrening på sjukehuset før ein eventuell hofteoperasjon. På veg frå rehabiliteringsavdelinga til sengeposten brukte pasienten rullestol. Då ho skulle rygge inn i heisen, som sto for lågt, tippa rullestolen brått bakover og ho fall og slo hovudet og ryggen i golvet. Det blei påvist brot i ryggen. Fallet skjedde såleis under nødvendig flytting i samband med behandlinga på sjukehuset. Vi meinte at fallet skjedde i ein behandlingssituasjon.

Eksempel
Saka gjeld ein pasient som var til opptrening på ein rehabiliteringsinstitusjon etter ei hjernebløding. Han fekk eit brot i lårbeinet etter å ha blitt slegen over ende av ei elektrisk dør. Då dette skjedde var han på veg ut gjennom utgangsdøra som eit ledd i eigentrening. Dette er ein del av behandlingsopplegget ved ein slik rehabiliteringsinstitusjon, og vi vurderte at han dermed var i ein behandlingssituasjon som er omfatta av § 1 i pasientskadelova. Vi gav medhald med heimel i § 2 fyrste ledd e), alminneleg erstatningsrett, fordi den aktuelle døra var mangelfullt sikra.

Eksempel
Saka gjeld ein pasient som var på veg frå fysioterapeut til logopedundervising, med følgje av ein vernepleiar. Pasienten fall på glatt underlag og pådrog seg fleire brot. Pasienten trong bistand frå vernepleiar til å vurdere om det var forsvarleg å gå til fots på vinterføre og bistand til å lære kva slags fottøy som var eigna, og oppfølging til dette. Vi må seie at vernepleiaren ytte helsehjelp i den samanhengen, og pasienten var då i ein behandlingssituasjon.

5. Trening som eit ledd i behandlinga
Pasientar som driv trening eller går tur som eit ledd i behandlinga, vil vere omfatta sjølv om treninga går føre seg utanfor sjukehuslokala, til dømes om pasienten fell på isen og skadar seg. Årsaka til slike skadar vil likevel ofte vere hendeleg uhell, og ikkje ei fylgje av svikt.

Eksempel
Saka gjeld ein pasient som brekte lårhalsen under eit opphald ved ein rehabiliteringsinstitusjon. Sjølve brotet oppstod i samband med at ho blei slegen over ende av ei ytterdør som lukka seg. Sjukehuset uttala i saka at «all aktivitet gjennom døgnet er deler av behandlingsopplegget for våre pasienter». Sidan skaden hadde skjedd i samband med at pasienten hadde besøk, meinte vi likevel at skaden ikkje hadde skjedd i ein behandlingssituasjon.

6. Private gjeremål
Pasientar som er innlagde på sjukehus, og som går ein tur i kiosken eller ein tur ut for å få litt frisk luft er ikkje i ein behandlingssituasjon. Skadar dei får i samband med det vil ikkje vere omfatta.

7. Skade på gjester
Ligg det ikkje føre ein pasientskade i botnen, er skadar på gjester ikkje dekt. Dette gjeld til dømes skadar som følgje av smitte, fall eller skadar påførte frå andre pasientar. (Sjå førearbeida Ot.prp. nr. 31 for 1998-99 pkt. 10.5.4).

Eksempel
Saka gjeld at broren til pasienten var på besøk. Han blei skadd av ein annan pasient med alvorleg hjerneskade, som gjekk til angrep og påførte broren fleire beinbrot.

8. Tvangsinnlegging
Etter førearbeida er skadar som følgje av sjølve avgjerda om tvangsinnlegging unnateke. (Sjå førearbeida Ot.prp. nr. 31 for 1998-99 side 90)

Er tvangsinnlegginga ei følgje av ein feildiagnose, kan ho likevel erstattast som følgjeskade. Ein pasient som er tvangsinnlagd kan, på same måte som elles, få prøve om behandlinga har vore i tråd med gjeldande retningslinjer.

9. Inndrege førarkort
I tilfelle der feildiagnostisering har vore avgjerande for at førarkortet blei inndrege, har vi dekt pårekneleg tap som følgje av pasientskaden.

Eksempel
Pasienten fekk feilaktig ein epilepsidiagnose etter eit anfall med medvitstap. Han fylte ikkje diagnosekriteriane og har seinare fått avkrefta diagnosen. Han var yrkessjåfør, og som følgje av diagnosen fekk han ikkje lenger lov til å køyre buss og lastebil. Dette førte til eit inntektstap over ein periode på to år. Han fekk elles inga behandling, fordi han nekta å ta medisinar for epilepsi, sidan han var sikker på at han ikkje hadde dette. Han hadde berre hatt eit økonomisk tap, og ingen psykiske eller fysiske plager som følgje av diagnosen.

10. Brot på teieplikt
Skade som følgje av brot på teieplikt, kan vere pasientskadar. (Sjå førearbeida Ot.prp. nr. 31 for 1998-99 side 90)

11. Overgrep på pasient
Skadar som følgje av overgrep i ein behandlingssituasjon er omfatta.

Men om til dømes ein portør gjer seg skuldig i overgrep medan pasienten ligg på sengeavdelinga, har overgrepet ikkje skjedd i ein behandlingssituasjon og er difor ikkje omfatta. Vi vil då vise til ordninga med valdsoffererstatning.

12. Skadar på personlege eigedelar
Pasientskadeordninga følgjer dei vanlege reglane for kva som kan erstattast. I dei fleste tilfella dreier det seg om personskadar, men vi kan òg gi erstatning om pasienten har fått øydelagt gebisset sitt, kleda sine eller smykket sitt. Men det må trekkjast ei grense mot til dømes kostbare smykke. (Sjå førearbeida Ot.prp. nr. 31 for 1998-99 side 55)

13. Påkjenning med å ha smitta andre

Eksempel
Saka gjeld forseinka diagnostikk av Hepatitt B hos ei mor, som skulle vore testa i samband med tre fødslar. Som følgje av at dette ikkje hadde blitt gjort, fekk ikkje dei tre borna hennar behandling i samband med fødselen. Behandling ville hindra at borna fekk sjukdomen, og dei vil kunne ha krav på erstatning.

Vi meinte at det ikkje var grunnlag for å gi erstatning til mora for den påkjenninga ho opplever som følgje av at ho har smitta borna sine. Den forseinka diagnostiseringa har ikkje gitt henne nokon direkte skade, fordi ein uansett ikkje har kunna tilby henne noka behandling. Tredjepartstap blir erstatta berre når det ligg føre ein sjokkliknande situasjon – noko som ikkje var tilfellet her.

14. Sjukmelding
Svikt ved diagnostiseringa som har ført til at pasienten ikkje fekk sjukmelding eller nødvendig helseattest, kan gi grunnlag for erstatning.

15. Utsett operasjon
Økonomisk tap som følgje av at ein operasjon har blitt avlyst som følgje av ein administrativ svikt, er ikkje omfatta.

16. Melding om yrkesskade og liknande
Om meldinga ikkje er ein del av den helsemessige behandlinga av pasienten, men blir gitt som service til et forsikringsselskap eller NAV, er dette neppe ein pasientskade. Dette kan stille seg annleis om legen ikkje har gitt ei melding som er lovpålagd, til dømes ei melding om yrkesskade.

17. Bekymringsmelding til barnevernet
Dersom barnet var i ein behandlingssituasjon og helsepersonellet skulle ha sendt bekymringsmelding til barnevernet jf. helsepersonellova § 33, kan skade som følgje av manglande melding vere omfatta av pasientskadelova. Erstatningskrav frå foreldre, som meiner at det var feil å sende inn ei bekymringsmelding, vil likevel falle utanfor.