Melde til NPE eller statsforvaltaren?

Statsforvaltaren (tidlegare fylkesmannen) har mynde til å iverksetje reaksjonar overfor helsepersonell. Det myndet har ikkje NPE. Vi behandlar erstatningssøknader og utbetalar erstatning til dei som har krav på det.

Skriv ut Bokmål | English | 12. januar 2021

Vi opplever at mange erstatningssøkjarar gir uttrykk for at dei ikkje ynskjer at andre skal oppleve det som dei sjølve har vore gjennom, og at NPE bør sjå til at legen får ei åtvaring eller ein refs. Det er statsforvaltaren som har ansvaret for denne typen vurdering og tilbakemelding til helsepersonell.

Statsforvaltaren kan i nokre saker retta kritikk mot helsepersonell, utan at det gir automatisk rett til erstatning frå NPE. Grunnen til dette er at du må ha fått ein behandlingsskade som gir deg eit økonomisk tap eller varig mein, for å ha rett til erstatning. Sakene blir òg vurderte etter ulikt regelverk hos statsforvaltaren og NPE.

Erstatning for pasientskade

Vi behandlar erstatningssøknader frå pasientar som har fått ein skade etter å ha blitt behandla i helsetenesta. Målet med pasientskadeordninga er at pasientar som opplever feilbehandling, ikkje skal lide noko økonomisk tap som følgje av dette.

Når vi greier ut saka, ser saksbehandlaren vår på om det har skjedd ein svikt i behandlinga, og om dette har ført til eit økonomisk tap for erstatningssøkjaren.

Lære av feil

Vi sender alltid kopi av avgjerda til behandlingsstaden, mellom anna som eit innspel til det arbeidet behandlingsstaden driv for å betre kvaliteten. Vi ynskjer å bidra til at helsetenesta skal lære av dei feila som skjer, men vi har ikkje sanksjonsmynde overfor helsepersonell som er involverte i pasientskadar.

Reaksjonar mot helsepersonell

Om du ikkje skal søkje erstatning, men vil at nokon skal vurdere om det er grunn til å kritisere helsepersonellet som har behandla deg, må du kontakte statsforvaltaren. Statsforvaltaren vil då vurdere eventuelle reaksjonar mot behandlar. Dette kan til dømes vere kritikk, skriftlig åtvaring eller tap av autorisasjon.