Bør eg vente med å sende inn søknad?

Om du nettopp har opplevd feilbehandling kan det i nokre tilfelle vere greit å vente med å sende inn søknadsskjema, til du ser omfanget av skaden du har fått, eller om du har fått eit økonomisk tap. 

Skriv ut Bokmål | English | 27. juni 2019

I nokre tilfelle kan det vere fornuftig å vente med å sende inn søknadsskjema, til du ser om du faktisk har fått ein varig skade, eller at du har fått eit økonomisk tap på minst 10 000 kroner. Dette gjeld særleg i tilfelle der skaden er av forbigåande karakter.

Hugs at du har tre år på deg, før saka eventuelt blir forelda. Dette kan du lese meir om i saka Kva skal til for å få erstatning?

Om du er usikker på om du bør vente med å sende inn søknaden, kan du ringje servicesenteret vårt på telefon 22 99 45 00.