Kven kan søkje erstatning i NPE?

Her finn du informasjon om kven som kan søkje erstatning, bruk av fullmektig og advokat.

Fullmakt

Her finn du døme på fullmakt

>Fullmakt

Skriv ut Bokmål | English | 18. juni 2019

Pasientar
Pasientar kan sjølve søkje erstatning i NPE. Behandlingsstaden kan derimot ikkje melde ei sak.

For at pasientar skal kunne søkje erstatning hos oss, må dei vere i stand til å gi samtykke til at vi innhentar opplysingar og utgreier saka, såkalla samtykkekompetent. Om dei ikkje er samtykkekompetente, må det oppnemnast ei verje, sjå www.vergemål.no. Verja må då fylle ut søknadsskjemaet.

Har andre enn pasienten rett til erstatning?
Hovudregelen er at andre enn pasienten ikkje har rett til erstatning. I sjeldne tilfelle vil vi likevel kunne dekkje eit tap som andre har hatt, for ein kort periode. Dei må i så fall ha ei nær tilknyting til pasienten og det som har skjedd.

Om nokon har fått ein eigen skade som følgje av pasientskaden, vil dei i enkelte tilfelle kunne ha rett til erstatning. Eit døme på ein slik situasjon er at ein pasient har blitt smitta under sjukehusbehandling, og deretter smittar ektefellen sin. Eit anna døme kan vere at ein pasient døyr på ein svært dramatisk måte, og dette fører til at ein nær pårørande får ein sjokkskade.

Dødsfall 
Om pasienten er død, kan arvingane søkje erstatning. Døyr ein pasient medan saka er under behandling, kan arvingane velje å halde fram saka for å få dekt eigne utgifter knytte til dødsfallet. Dette kan til dømes vere utgifter til gravferd.

Ein kan òg søkje erstatning for tap av forsørgjar.

Fullmektig
I somme tilfelle ynskjer pasienten at ein annan skal søkje erstatning for han eller henne. Pasienten kan då bli representert av ein fullmektig, som må ha ei fullmakt.

Advokat
Som hovudregel treng vi ikkje fullmakt om pasienten blir representert av advokat.