Når er det for seint å søkje erstatning?

Foreldingslova har to foreldingsfristar på høvesvis 3 år og 20 år.

Skriv ut Bokmål | English | 30. september 2019

Hovudregelen er at eit krav om erstatning er forelda etter tre år.

For at foreldingsfristen skal ta til, må du ha hatt kunnskap om at du har fått ein skade som har gitt deg eit økonomisk tap og/eller varig medisinsk invaliditet. Du må òg hatt kunnskap om kven som er ansvarleg for skaden. Du har i dette høvet ei viss plikt til å undersøkje desse forholda.

Krav som er meir enn 20 år gamle, vil som hovudregel vere forelda, jf. § 9, 2. pkt i foreldingslova. Dette gjeld sjølv om du ikkje har hatt kunnskap om skaden og kven som er ansvarleg.

Ein avbryt forelding ved å melde kravet til NPE.