Augesjukdomar

Skriv ut Bokmål | English | 17. september 2019

Laseroperasjon av overlangsyn – medhald

Ein mann fekk korrigert synet på båe augo ved hjelp av laseroperasjon (LASIK). Han måtte opererast fleire gonger på det eine auga og resultatet blei at han fekk synsvanskar, med dobbelsyn og smerter. Han søkte erstatning for det dårlege resultatet. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.

Laseroperasjon av overlangsyn - avslag

Ei kvinne fekk utført augelaseroperasjon (LASIK) for å sleppe briller. Ho søkte om erstatning for turre augo, dårlegare syn og smerter. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

Grå stær - operasjon - avslag

Ei kvinne var plaga med aukande grå stær i båe augo. I venstre auga oppstod ei rift i linsekapselen under operasjonen. Ein måtte bruke ein annan metode og resultatet blei dårleg. Kvinna søkte om erstatning for komplikasjonen som førte til dårlegar...