Grå stær - operasjon - avslag

Ei kvinne var plaga med aukande grå stær i båe augo. I venstre auga oppstod ei rift i linsekapselen under operasjonen. Ein måtte bruke ein annan metode og resultatet blei dårleg. Kvinna søkte om erstatning for komplikasjonen som førte til dårlegare syn. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Grå stær

Grå stær er ein sjukdom der linsa i auga blir uklar. Grå stær gir fyrst og fremst nedsett syn, "tåkesyn", både på avstand og på nært hald. Grå stær kan berre fjernast ved operasjon. Teknikken går i hovudsak ut på å fjerne linsa medan ein ofte tek vare på kapselen som ligg rundt henne. Linsa som blir fjerna blir vanlegvis erstatta av ei ny, kunstig linse.

Skriv ut Bokmål | English | 4. januar 2018

Kvinna blei vellukka operert på høgre auga. Då tilstanden blei verre på venstre side, blei ho operert med den same metoden på dette auga óg. Under operasjonen oppstod det ei rift i linsekapselen då ein skulle fjerne linsa med grå stær. På grunn av komplikasjonen kunne ein ikkje fjerne grå stær fullstendig og setje inn ei ny linse. Kvinna gjennomgjekk to nye operasjonar der ein prøvde å fjerne resten av linsa som hadde falle bakover, men ho blei ikkje funnen.

To månader seinare blei kvinna operert på nytt der ein sette inn ei kunstig linse i framkammeret. På grunn av væske i skarpsynsområdet til netthinna og ei anna plassering av linsa, blei synet verre i høve til før operasjonen for grå stær. Kvinna opplyste at ho såg dårlegare enn før fyrste operasjonen, og at ho hadde synsforstyrringar som óg verka inn på det andre auga.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i augesjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at det var samanheng mellom operasjonen for grå stær og rifta i linsekapselen. Skaden førte til fleire operasjonar og redusert syn. Det var godt grunnlag for å gjere inngrepet, som blei utført etter god medsinsk prasksis. Rift i kapselen er ei kjend og vanleg fylgje av operasjon for grå stær.

Vi meinte at kvinna fekk ei oppfølging som var vanleg ved slike komplikasjonar. På grunn av at ein då må plassere den kunstige linsa noko annleis enn normalt, blir dei optiske tilhøva mindre gunstige. Den auka væskeopphopinga i  skarpsynsområdet til netthinna gjorde skarpsynet dårlegare.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.