Laseroperasjon av overlangsyn - avslag

Ei kvinne fekk utført augelaseroperasjon (LASIK) for å sleppe briller. Ho søkte om erstatning for turre augo, dårlegare syn og smerter. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

LASIK

LASIK er ein operasjonsmetode som går ut på å behandle hornhinna med laser for å korrigere brytingsfeil i augo, som overnærsyn og overlangsyn. Metoden går ut på å skjære laus ein tynn lapp av hornhinna, løfte denne lappen, og behandle det underliggjande vevet i hornhinna med laser.

Skriv ut Bokmål | English | 14. mars 2018

Ei kvinne som var langsynt, ynskte operasjon for å sleppe å vere avhengig av briller. Ho fekk utført laseroperasjon av båe augo med bruk av metoden LASIK. Operasjonen var utan komplikasjonar, men etter inngrepet opplevde ho at synet blei dårlegare og at augo kjendest turre. I tillegg hadde ho av og til store smerter.

Behandlingsstaden gav henne tilbod om oppfølging, men dette ynskte ho ikkje, då ho var redd for å få endå fleire plager. Seinare blei ho utgreidd ved ein annan behandlingsstad.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i augesjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at laseroperasjonen blei utført i tråd med god medisinsk praksis. Inngrepet førte til at kvinna fekk dårlegare syn, turre augo og smerter. Det er dokumentert at kvinna fekk informasjon om moglege komplikasjonar i framkant av operasjonen.

Forbigåande turre augo er ei svært vanleg fylgje av LASIK. Varige plager med dette er ein sjeldan, men likevel kjend komplikasjon. Sjølv om ho fekk ein svært plagsam komplikasjon på grunn av inngrepet, er han innanfor den risikoen ho måtte akseptere ved inngrepet.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.