Laseroperasjon av overlangsyn – medhald

Ein mann fekk korrigert synet på båe augo ved hjelp av laseroperasjon (LASIK). Han måtte opererast fleire gonger på det eine auga og resultatet blei at han fekk synsvanskar, med dobbelsyn og smerter. Han søkte erstatning for det dårlege resultatet. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.

LASIK

LASIK er ein operasjonsmetode som går ut på å behandle hornhinna med laser for å korrigere brytingsfeil i augo, som overnærsyn og overlangsyn. Metoden går ut på å skjære laus ein tynn lapp av hornhinna, løfte denne lappen, og behandle det underliggjande vevet i hornhinna med laser.

Skriv ut Bokmål | English | 4. januar 2018

Mannen var operert for overlangsyn nokre år tidlegare. Han var ikkje nøgd med resultatet, då han hadde brytingsfeil på båe augo. Han oppsøkte difor ein privat augelegeklinikk med ynskje om ny laserbehandling for å rette på dette.

Etter operasjonen var han nøgd med resultatet på høgre auga, men på venstre auga hadde hornhinna blitt skeivare og det var innvekst av overflateceller i hornhinna. Ein gjorde difor to nye laseroperasjonar for å prøve å fjerne desse ujamnskapane, men tilstanden blei berre verre.

Mannen fekk etter dette auka turke i auga, dobbelsyn, skeiv hornhinne, smerter ved auga og tidvis hovudverk. Han fekk tilbod om ytterlegare behandling, men takka nei.

Vurderinga vår
Ein sakunnig spesialist i augesjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at det ikkje var grunnlag for å gjere LASIK behandlingane, da synet til mannen var innanfor det normale, og kunne regulerast med lesebriller, slik det er vanleg i alderen hans. Det er kjent at laseroperasjonar ved overlangsyn kan gi innvekst av overflateceller i hornhinna og skeivare hornhinne, med uklart syn til fylgje.

Vi meinte vidare at det var uklart kva informasjon mannen hadde fått på førehand, fordi notata i journalane var mangelfulle. På grunn av dette var det òg vanskeleg for oss å vurdere om operasjonane var gjorde etter god medisinsk praksis.

Vi la til grunn at mannen ikkje ville late seg operere om han var godt informert. Manglande dokumentasjon for korleis inngrepa blei utførte, gjekk òg i favør av mannen. Om mannen ikkje hadde gått gjennom desse operasjonane, ville han ikkje hatt plager med turre augo og synsvanskar.

Mannen har rett til erstatning.