Kikholsundersøking - bløding - avslag

Ei kvinne måtte opererast med open kirurgi på grunn av komplikasjonar under ei kikholsundersøking. Ho søkte om erstatning for at ho måtte opererast med open kirurgi, ny operasjon, smerter og ubehag. Vi vuderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Laparoskopi (kikholsundersøking)

Laparoskopi er ei undersøking der ein ser inn i magen med ein liten kikkert som vert sett gjennom bukveggen. Laparoskopi kan vere diagnostisk, dvs. at ein berre undersøkjer og ser om ein finn noko gale. I andre tilfelle kan han vere operativ, dvs. at ein gjer operasjonar gjennom kikhol. Fordelen med laparoskopisk kirurgi samanlikna med vanleg operasjon er at ein får mindre arr på magen, som regel mindre smerter, kortare sjukskrivingstid og mindre risiko for samanvekst.

Skriv ut Bokmål | English | 8. januar 2018

Ei kvinne var under utgreiing for ufrivillig barnløyse. Ho skulle få ei kikholsundersøking (laparoskopi), som dagkirurgisk inngrep. Under innleiinga av prosedyren oppstod det ei bløding i bukveggen. For å få kontroll med blødinga måtte legane lage ei opning i bukveggen, ein laparotomi. Dei gjorde den planlagde undersøkinga, og dei konstaterte at eggleiarane var tette. Kvinna blei skriven ut etter tre dagar.

Tre dagar seinare blei ho lagd inn att med akutte magesmerter, kvalme og oppkast. Ein mistenkte tarmslyng. CT-undersøking viste brokk. Kvinna blei operert på nytt. Såret blei lukka, og det har ikkje vore fleire komplikasjonar.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i gynekologi vurderte saka.

Vi meinte at det var samanheng mellom kikholsundersøkinga og blødinga som førte til at legane måtte gå over til open kirurgi. Det var òg samanheng mellom operasjonen og brokket som oppstod i operasjonsarret. Kikholsundersøkinga blei utført i samsvar med god medisinsk praksis. Bløding og utvikling av brokk er kjende komplikasjonar. Legane følgde opp komplikasjonane på rett måte. Sjukdomsperioden blei nokre veker lengre på grunn av komplikasjonane, men det oppstod ikkje nokon varig skade.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.