Fødsel - skade på barnet - avslag

Eit barn fekk påvist ein lett hjerneskade. Foreldra meinte at hjerneskaden kunne vore unngått om mora hadde blitt forløyst tidlegare, og søkte om erstatning. Vi vurderte saka og barnet fekk ikkje medhald.

CTG (cardiotokografi)

Ein måte å registrere hjarteslaga til barnet under fødselen. Det er vanleg å teste hjarteslaga til barnet med CTG, samtidig med riaktiviteten. Testen gir eit godt bilde av tilstanden til barnet i augeblinken, og av ressursane barnet har til å takle fødselen. Blir barnet stressa, kan fosterlyden registrerast fleire gonger, eller fødselen overvakast kontinuerleg med CTG.

Apgar score

Ein poengskala frå 0 til 10. Blir brukt til å vurdere den vitale tilstanden til barnet rett etter fødselen, etter fem, og ofte etter ti minuttar. Tilstanden blir vurdert på fem område, kvart frå 0 til 2 poeng: Hjartefrekvens, respirasjon, muskeltonus, reaksjon og hudfarge. Score 3 eller dårlegare tyder på eit kritisk sjukt barn. 7 eller betre er over normalt.

Skriv ut Bokmål | English | 8. januar 2018

Mor blei lagd inn med rier ei veke før termin. Fosteret blei overvaka med CTG som heile tida viste at det hadde det bra. Etter kvart blei framgangen i fødselen langsam, og mora blei forløyst med sugekopp etter at ho hadde trykt i over ein time. Blodprøvar frå navlesnora viste ingen teikn til surstoffmangel under fødselen, og barnet var sprekt. Apgar score var 9-9-9 etter høvesvis 1, 5 og 10 minuttar. Seinare fekk barnet diagnostisert lett cerebral parese.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at fødselshjelpa var i tråd med god medisinsk praksis. Det var ikkje grunnlag for ytterlegare undersøkingar eller keisarsnitt. Vakuumforløysinga var ukomplisert, og det var ikkje teikn til oksygenmangel hos barnet.

Barnet har ikkje rett til erstatning.