Fødsel - skade på barnet - medhald

Eit barn utvikla cerebral parese som følgje av forseinka forløysing. Foreldra søkte om erstatning på vegne av barnet. Vi vurderte saka og barnet fekk medhald.

CTG (cardiotokografi)

Ein måte å registrere hjarteslaga til barnet under fødselen. Det er vanleg å teste hjarteslaga til barnet med CTG, samtidig med riaktiviteten. Testen gir eit godt bilde av tilstanden til barnet i augeblinken, og av ressursane barnet har til å takle fødselen. Blir barnet stressa, kan fosterlyden registrerast fleire gonger, eller fødselen overvakast kontinuerleg med CTG.

Skriv ut Bokmål | English | 8. januar 2018

Mor blei lagd inn på sjukehuset på termindato då fødselen var i gang. Registreringa av hjarteslaga til barnet (CTG) viste at alt var normalt. Etter åtte timar fekk mor ristimulerande middel fordi fødselen stoppa opp.

Fosterlyden blei overvaka med jamleg lytting. Utdrivingsfasen blei lang. Barnet blei fødd med navlesnora to gonger rundt halsen, og var slapt. Prøvar av blodet i navlesnora tydde på for lite oksygen under fødselen. Barnet fekk seinare påvist cerebral parese.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at fødselshjelpa ikkje var i tråd med god medisinsk praksis. Fødslar som må stimulerast med ristimulerande middel, skal overvakast med kontinuerleg CTG-registrering av  hjarteslaga til fosteret. Det er då ikkje nok med berre lytting, som heller ikkje blei gjort ofte nok i dette tilfellet. Trykkefasen varte i over to timar utan kontinuerleg CTG-registrering.

Om fosterlyden hadde blitt overvaka kontinuerleg med CTG i trykkefasen, ville ein sannsynlegvis ha oppdaga teikn på truande surstoffmangel før fødselen. Fødselen kunne då ha blitt avslutta tidlegare med tong, vakuum eller keisarsnitt. Ved tidlegare forløysing ville barnet mest sannsynleg unngått hjerneskade.

Barnet har rett til erstatning.