Opptrening etter skulderskade - avslag

Ei kvinne søkte erstatning då ho meinte at ho fekk frozen shoulder fordi øvingane hos fysioterapeut etter ein skulderoperasjon var altfor harde. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

Frozen shoulder (adhesiv kapsulitt

Kapsulitt er ein betennelsestilstand der kapselen rundt skulderleddet stivnar til. Årsaka er ukjend, men kjem ofte etter skade eller operasjon. 2 % av folkesetnaden får denne tilstanden i løpet av livet. Den er vanlegast hos kvinner mellom 45 og 60 år. Tilstanden er delt i tre fasar. Den fyrste med aukande smerter og tilstiving i leddet. Dei to neste fasane er prega av nedsett rørsleevne i skuldra. Tilstanden kan vare i eitt til tre år, med spontan tilbakegang. Det er lita moglegheit for behandling, bortsett frå massasje og rørsle.

Skriv ut Bokmål | English | 16. oktober 2017

Kvinna blei operert for smerteplager og nedsett rørsleevne i skuldra, på grunn av for tronge forhold under skuldertaket og leddhovudet (impingement syndrom). Ho blei tilrådd å ta kontakt med fysioterapeut for å kome i gang med normal rørsle etter operasjonen. Ho fekk òg beskjed om at ho kunne presse til smertegrensa.

Fysioterapeuten instruerte henne i pendeløvingar og andre lette øvingar. Kvinna avbraut behandlinga etter seks gonger då ho fekk auka smerter i skuldra. Ved ny kontroll på sjukehuset, mistenkte legane at ho var i ferd med å utvikle frozen shoulder. Kvinna blei instruert om å gjere enkle øvingar til smertegrensa.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering vurderte saka.

Vi meinte at det behandlingsopplegget kvinna fekk hos fysioterapeuten var i tråd med god medisinsk praksis. Det er ikkje sannsynleg at øvingane kvinna fekk, førte til at ho utvikla frozen shoulder.

Kvinna har difor ikkje rett til erstatning.