Brokkoperasjon – medhald

Ei kvinne søkte erstatning for at ho fekk ein skade i tarmen under ein operasjon for brokk. Skaden førte til alvorleg blodforgifting. Ho meinte at ho fekk dårlegare helsetilstand og nedsett livskvalitet på grunn av skaden, og at skaden kom av feil ved behandlinga. Vi vurderte saka og ho fekk medhald.

Kva er brokk

Brokk er utposing av organ eller vev gjennom ein naturleg eller nyleg oppstått opning, vanlegvis frå bukhola. Det vanlegaste er lyskebrokk og bukveggsbrokk, oppstått spontant eller arrbrokk.

Brokk kan oftast trekkjast tilbake, innimellom kan det ikkje. Grunnlag for å operere er smerter og plager, og mistanke om sirkulasjonssvikt i innhaldet, som regel tarm. Brokk hos born blir behandla med å fjerne brokksekken. Hos vaksne blir opninga som oftast dekt med eit nett.

Skriv ut Bokmål | English | 10. november 2017

Kvinna hadde utlagd tarm (stomi), og var tidlegare òg operert for brokk i tilknyting til stomiopninga på magen. Ho hadde tiltakande plager frå magen og ei undersøking viste at ho hadde fått eit stort brokk i bukveggen og eit mindre brokk ved utgangen til stomien.

Kirurgane fann at det var grunnlag for å operere brokka med å leggje inn nett. Dagen etter blei kvinna svært dårleg og viste teikn på blodforgifting. Ein sette i gang antibiotikabehandling. Ho blei etter kvart flytta til eit større sjukehus for vidare behandling fordi legane mistenkte at det var blitt hol på tarmen. Undersøkingane som blei gjort gav mistanke om prolaps i tarmen. Ho blei difor operert på nytt, der ein stor del av tynntarmen blei fjerna.

Kvinna fekk ei langvarig sjukelege, mellom anna med nyresvikt.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i gastroenterologisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var samanheng mellom inngrepet for brokk og skaden på tynntarmen og fylgjene av denne skaden. Inngrepet blei ikkje gjort i tråd med god medisinsk praksis. Sjølv om det var vanskelege forhold rundt stomien, burde den som opererte ha skaffa seg oversikt over kvar tarmslyngene gjekk, og staden der brokket kom ut. Den manglande oversikta var mest sannsynleg grunnen til at skaden på tarmen oppstod.

I tillegg gjekk det for lang tid før skaden på tarmen blei oppdaga og behandla. Med dei symptoma kvinna hadde allereie dagen etter operasjonen, burde skaden vore oppdaga langt tidlegare. Det er då sannsynleg at det alvorlege forløpet hadde vore unngått. Det er sannsynleg at ein kunne reparert tarmen utan å fjerne noko. Kvinna ville òg mest sannsynleg unngått dei alvorlege fylgjene med svikt i fleire organ og den langvarige sjukelega.

Kvinna har rett til erstatning.