Fedmeoperasjon - gastric bypass – avslag

Ein mann gjennomgjekk ein fedmeoperasjon. Det blei lekkasje i tarmskøyten og mannen måtte opererast på nytt. Mannen meinte at det var gjort ein feil under operasjonen og søkte om erstatning for plagene han fekk. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Gastric bypass metode

«Gastric bypass» er ein kirurgisk fedmeoperasjon. Vanlegaste metode er at ein deler magesekken i to og koplar den minste delen på tynntarmen. Ein kjenner seg då mett etter små mengder mat. Vektnedgangen kjem både av lite matinntak og endra opptak av næring. Det finst òg andre kirurgiske metodar for fedmeoperasjonar.

Skriv ut Bokmål | English | 29. august 2019

Mannen var svært overvektig. I tillegg hadde han høgt kolesterol og søvnapné (snorking med pustestans). Legane fann difor at det var grunnlag for ein fedmeoperasjon med gastric bypass metode. Mannen blei godt informert om inngrepet og dei komplikasjonane som kunne oppstå. Operasjonen blei gjennomført utan komplikasjonar. Dagen etter fekk mannen sterke magesmerter, feber og høg puls. Han blei operert på nytt, då legane mistenkte at det var hol i tarmen og betennelse i bukhola.

Det viste seg at det var ein lekkasje i tarmskøyten. Lekkasjen førte òg til at det danna seg ein byll i bekkenet etter nokre dagar. Han måtte opererast på nytt for dette, og behandlast med dren og antibiotika. Tilstanden betra seg raskt etter dette.

Mannen søkte om erstatning hos oss fordi han meinte at lekkasjen kunne vore oppdaga med det same. Dei komplikasjonane som oppstod på grunn av lekkasjen, førte til nedsett allmenntilstand med manglande energi og styrke, dårleg konsentrasjon og dårleg søvn. Dette førte til at han blei langvarig sjukmeld.

Vurderinga vår 
Ein sakkunnig spesialist i gastroenterologisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var godt medisinsk grunnlag for fedmeoperasjonen, som blei utført på rett måte. Lekkasje i skøyten mellom tarmen og magesekken er ein komplikasjon som oppstår i opptil fem prosent av tilfella. Det er heller ikkje uvanleg at slik lekkasje fører til at det dannar seg byllar i bekkenet, som ein må behandle. Oppfølginga mannen fekk etter at lekkasjen blei oppdaga var etter god medisinsk praksis. Han har ikkje fått nokon varige skadar etter lekkasjen. Dei plagene mannen hadde, er vanlege etter slik omfattande omlegging av mage- og tarmfunksjonen.

Mannen har ikkje rett til erstatning.