Fedmeoperasjon - gastric bypass – medhald

Ein mann gjennomgjekk ein fedmeoperasjon. Inngrepet var ikkje vellukka og han måtte opererast ein gong til der heile magesekken blei fjerna. Han søkte om erstatning for varige plager, då han meinte at operasjonane blei feil utført. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.

Gastric bypass metode

«Gastric bypass» er ein kirurgisk fedmeoperasjon. Vanlegaste metode er at ein deler magesekken i to og koplar den minste delen på tynntarmen. Ein kjenner seg då mett etter små mengder mat. Vektnedgangen kjem både av lite matinntak og endra opptak av næring. Det finst òg andre kirurgiske metodar for fedmeoperasjonar.

Skriv ut Bokmål | English | 29. august 2019

Mannen var svært overvektig, og legane fann at det var grunnlag for ein fedmeoperasjon (gastric bypass). Han blei svært grundig informert om inngrepet og dei komplikasjonane som kunne oppstå. Den fyrste operasjonen blei vanskeleg fordi det viste seg at mannen hadde eit stort brokk i mellomgolvet, som ein ikkje hadde oppdaga før. Det gjorde at ein ikkje kunne forme den utkopla delen av magesekken på vanleg måte. Etter operasjonen var mannen svært plaga med kvalme, men dette gjekk over etter kvart. Røntgen etter fire månader viste at alt var normalt. Ved kontroll etter to år, hadde mannen store smerter. Det viste seg at maten frå magesekklomma tømde seg seint ut til tarmen.

Ei ny undersøking viste at det framleis var eit stort brokk i mellomgolvet der tarmen var skøytt saman. Det blei nødvendig å operere ein gong til, der den gamle skøyten blei gjort om. Brokket blei lagt inn att ved å lage opninga i mellomgolvet mindre. Etter operasjonen viste det seg at innsnevringa var for trong, slik at det ikkje var passasje gjennom matrøyret, fordi den nye skøyten låg feil. Mannen måtte opererast enno ein gong, og denne gongen måtte heile magesekken koplast ut, då ein måtte sy tynntarmen direkte på matrøyret. Mannen blei plaga med vedvarande kvalme.

Vurderinga vår 
Ein sakkunnig spesialist i gastroenterologisk kirurgi vurderte saka.

Vi la til grunn at den fyrste operasjonen ikkje blei gjort på rett måte og at det var grunnen til at mannen måtte opererast på nytt. Brokket i mellomgolvet skulle vore kartlagt før den fyrste operasjonen. Brokket gjorde at magesekken ikkje blei kopla frå på rett måte. Det andre inngrepet blei òg vanskeleg og langvarig på grunn av tilstanden med brokket som var grodd fast. Då det viste seg at tynntarmen blei feil tilkopla, var det tredje inngrepet heilt nødvendig. På grunn av vanskane som hadde oppstått, blei det nødvendig å kople ut heile magesekken.

Mannen har rett til erstatning.