Galleblæreoperasjon – avslag

Ein mann søkte erstatning etter ein operasjon for galleblærebetennelse. Ved ein feil blei gallegangen kutta. Sjølv om skaden blei oppdaga og reparert med ein gong, meinte mannen at skaden kunne føre til at gallegangen blir for trong og at han dermed må gjennomgå nye inngrep. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 10. november 2017

Mannen hadde symptom på akutt galleblærebetennelse. Legane på sjukehuset fann steinar i galleblæra. Dei meinte difor at det var nødvendig å fjerne galleblæra med kikholskirurgi. Ved ein feil blei ein gallegang delt. Kirurgane oppdaga dette med det same, og dei måtte gå over til open operasjon for å setje inn eit dren, før mannen blei flytta til eit større sjukehus. Der fjerna dei galleblæra og reparerte skaden ved at dei laga eit samband mellom hovudgallegangen og tynntarmen.

Sjølv om det er ein viss risiko for at det dannar seg innsnevring i skøyten, har seinare undersøkingar ikkje vist teikn til dette, og mannen har ikkje hatt plager frå gallevegane.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i gastroenterologisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var grunnlag for å gjere inngrepet. Sjølv om ein sentral gallegang blei skadd, meinte vi at inngrepet blei gjort i tråd med god medisinsk praksis. Området rundt galleblæra var betent og det var dårleg oversikt. Skaden blei oppdaga med ein gong og det var rett å byte til open operasjon for å avgrense skaden. Gallegangen blei reparert ved ein rekonstruksjon som blei rett utført. Det er alltid ein risiko for at ein slik skøyt kan bli for trong, men undersøkingar har vist at det ikkje er tilfellet for denne mannen.

Vi vurderte at mannen ikkje var påført ein pasientskade som kom av svikt i behandlinga.

Mannen har ikkje rett til erstatning.