Galleblæreoperasjon – medhald

Ei kvinne søkte om erstatning for skade på hovudgallegangen i samband med ein kikholsoperasjon for å fjerne galleblæra. Dette førte til nye operasjonar, ei lengre sjukelege og samanveksingar i magen. Kvinna meinte at inngrepet var feil utført. Vi vurderte saka og ho fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 10. november 2017

Kvinna hadde hatt plager med gallestein i lengre tid. Ho blei operert, og galleblæra blei fjerna med kikholskirurgi. Kvinna blei skriven ut frå sjukehuset same dagen. Etter tre dagar fekk ho akutte, sterke magesmerter. Ho blei operert på nytt nokre dagar etter, då legane mistenkte at det var ein gallelekkasje til bukhola. Dei fann eit hol i hovudgallegangen. Holet blei tetta, og det blei lagt inn eit røyr i gallegangen for å sikre fri passasje. Dette kunne fjernast etter nokre dagar, og det oppstod ikkje fleire komplikasjonar.

Kvinna fekk eit langt sjukehusopphald. Ho hadde vedvarande mageplager, med mellom anna endra avføringsmønster. Ho meinte dette kom frå samanveksingar i magen, fordi ho måtte opererast fliere gonger på grunn av gallelekkasjen. Det tok òg for lang tid før legane bestemde seg for å operere i utgangspunktet.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i gastroenterologisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var samanheng mellom inngrepet for å fjerne galleblæra og skaden på hovudgallegangen, som førte til at det kom galle ut i bukhola. På grunn av dette måtte kvinna gjennomgå eit nytt inngrep. Dei vedvarande mageplagene ho hadde, kom av at galleblæra var fjerna, og ikkje dei ekstra samanveksingane og tidspunktet for inngrepet.

Vi meinte vidare at inngrepet for å fjerne galleblæra ikkje var gjort etter god medisinsk praksis, sidan det blei ein skade på hovudgallegangen. Det er ein viss risiko for at det oppstår slik skade når pasienten har ein betennelsestilstand eller samanveksingar rundt operasjonsområdet. I dette tilfellet var det gode og oversiktlege forhold under inngrepet.

Kvinna har rett til erstatning.