Endokarditt - forseinka diagnose - medhald

Ein mann med betennelse i ein hjarteklaff (endokarditt) fekk for seint rett diagnose og behandling. Mannen søkte om erstatning då han meinte at om fastlegen hadde teke symptoma på alvor, hadde sjukdomen blitt mindre alvorleg. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.

Endokarditt

Hjarteveggen består av tre lag. Det innarste laga blir kalla endokard. Ein betennelse i dette laget og i hjarteklaffane blir kalla endokarditt.

Mitralklaff

Mitralklaff er ein klaff mellom venstre framkammer og hjartekammer.

Skriv ut Del 9. januar 2018

Bokmål versjon

Del artikkel på startsiden

Mannen gjekk til fastlegen då han i om lag ei veke hadde hatt plager med lett feber, smerter i ryggen og brystet, og redusert allmenntilstand. Plagene varte ved dei neste månadane, sjølv om han mellom anna fekk behandling med antibiotika på grunn av mistanke om lungebetennelse.

Legen forlengde stadig sjukmeldinga på grunn av ryggsmertene. Seks månader seinare blei mannen lagd inn på sjukehus og fekk konstatert endokarditt.

På grunn av skadar på hjarteklaffen som følgje av endokarditt, fekk mannen operert inn ny mitralklaff. Dette førte òg til at han blei avhengig av behandling med blodfortynnande medisinar resten av livet.

Saka blei òg behandla i Helsetilsynet.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin vurderte saka. Vi hadde òg tilgang til vurderinga frå Helsetilsynet.

Både den sakkunnige og Helsetilsynet peika på at journalføringa til fastlegen var mangelfull. Helsetilsynet konkluderte med at journalføringa var i strid med forsvarleg praksis.

Vi la til grunn at mannen sannsynlegvis hadde endokarditt allereie ved det fyrste besøket hos fastlegen. At dette fyrst blei konstatert seks månader seinare, inneber ei forseinking i diagnostiseringa. Journalnotata var mangelfulle. Det var då vanskeleg for oss både å ta stilling til om forseinkinga skuldast ei svikt i behandlinga, og frå kva tidspunkt det var naturleg å vente at fastlegen skulle ha utgreidd mannen vidare.

Av same grunn meinte vi at det var vanskeleg å vurdere kor mykje betre mannen kunne ha kome ut av det, om diagnosen hadde blitt stilt tidlegare. Sidan denne uvissa i hovudsak hadde samanheng med mangelfull eller uforsvarleg journalføring, meinte vi at tvilen rundt desse omstenda måtte kome mannen til gode.

Mannen har rett til erstatning.