Hjarteinfarkt – forseinka diagnose – avslag

Ein mann søkte om erstatning då han meinte at det alvorlege hjarteinfarktet hans blei forseinka diagnostisert og behandla. Han meinte at skaden på hjartet ville vore mindre med raskare utblokking. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 9. januar 2018

Mannen tok kontakt med legen då han hadde vondt i høgre skulder og arm. Han fekk muskelavslappande medisin. Nokre dagar etter blei han brått mykje dårlegare, og ambulanse ble tilkalla til heimen. EKG teke på staden viste at han hadde eit stort hjarteinfarkt. Legen ynskte å fly mannen direkte til sjukehus med kompetanse til å gjere utblokking, men vêret var for dårleg, slik at han blei bringa til næraste sjukehus.

Fordi mannen fekk hjartestans to gonger og måtte få blodfortynnande behandling, tok det ein times tid før han blei send vidare til utblokking på eit anna sjukehus. Her tok det òg over ein time før han fekk behandling.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin og ein sakkunnig spesialist i hjartesjukdomar vurderte saka.

Det var ikkje grunnlag for å seie at dei symptoma mannen hadde då han fyrst vende seg til legen, hadde noko med hjartesjukdomen å gjere. Akuttbehandlinga mannen fekk i samband med hjarteinfarktet var i tråd med god medisinsk praksis.

Då han, på grunn av dårleg flyvêr, ikkje kunne sendast direkte til eit større sjukehus med kompetanse på behandling med utblokking, var det rett å sende han med ambulanse til lokalsjukehuset for akuttbehandling. Fordi mannen fekk hjartestans, måtte tilstanden stabiliserast, slik at han tolte vidare transport.

Vi meinte at regionsjukehuset brukte unødvendig lang tid frå mannen kom inn på sjukehuset til han fekk behandling. For å oppnå best mogleg resultat, bør ein gi slik behandling innan to timar etter at hjarteinfarkt er diagnostisert. Denne tidsramma var allereie gått ut då mannen kom inn, utan at dette skuldast handteringa på sjukehusa. Tidsbruken var nødvendig ut frå den tilstanden mannen hadde. Dei skadane og plagene mannen fekk, skuldast ikkje behandlinga, men hjarteinfarktet og den bakanforliggjande hjartesjukdomen hans.

Mannen har ikkje rett til erstatning.