Hjarteinfarkt – forseinka diagnose – medhald

Ei kvinne søkte om erstatning då ho meinte at symptoma hennar på hjarteinfarkt blei feiltolka som muskelsmerter. Ho meinte at rett diagnose og behandling blei fleire dagar forseinka, og at dette førte til varig skade på hjartet og nedsett livskvalitet. Vi vurderte saka og ho fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 9. januar 2018

Kvinna gjekk til fastlegen då ho hadde hatt smerter i ryggen, skuldrene og brystet i nokre dagar. Legen tolka plagene som forverra muskelplager på grunn av stress, og ho fekk muskelavslappande medisinar.

Nokre dagar etter kom kvinna tilbake. Ho klaga over at ho blei verre, med stramming i muskulaturen i ryggen, brystkassa og armane, særleg når ho gjekk i trapper. Ho fekk råd om å vere meir i aktivitet. Under samtalen var legen likevel inne på tanken om hjartesjukdom, og informerte om kva symptom som vanlegvis kjem ved slik sjukdom. Kvinna fekk beskjed om å kome tilbake, om tilstanden forverra seg.

Ei veke etter dette blei ho akutt verre. Ho blei henta av ambulanse til lokalsjukehuset, der ho blei undersøkt. Det viste seg at ho hadde eit akutt, stort hjarteinfarkt. Dette blei behandla med utblokking av den tette blodåra rundt hjartet, ved eit større sjukehus. Undersøkinga viste at kvinna hadde ein alvorleg hjartesjukdom, der fleire av blodårene rundt hjartet var tette, og at ho hadde hatt dette lenge.

Vurderinga vår 
Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin og ein sakkunnig spesialist i hjartesjukdomar vurderte saka.

Vi kom til at kvinna ikkje fekk ei behandling i tråd med god medisinsk praksis. Ho skulle vore send vidare til vurdering og undersøking med tanke på hjartesjukdom, då ho vende seg til legen andre gongen. Dei symptoma ho hadde, var av ein slik karakter at ein ikkje kunne utelukke utvikling av hjartesjukdom.

Det er kjent at kvinner med hjartesjukdom kan ha eit anna smertemønster enn det som er skildra som vanleg. Kvinna skulle difor vore send vidare til sjukehus med ein gong. Ho hadde då mest sannsynleg unngått hjarteinfarktet ho fekk ei veke seinare.

Ved tidlegare innlegging, ville ho blitt behandla med utblokking. Kvinna ville ikkje fått skaden på hjartemuskelen, med mellombels nedsett funksjon. Ho kunne då vore utan fleire av dei alvorlege plagene ho hadde i tida etter infarktet, og dermed hatt ein betre livskvalitet, sjølv om hjartesjukdomen hennar òg var alvorleg utan infarktet.

Kvinna har rett til erstatning.