Behandling i utlandet - avslag

Ein mann blei behandla på sjukehus i utlandet etter ei badeulukke. Sidan nødvendig behandling i EU og EØS blir dekt av folketrygda, meinte mannen at han burde kunne søke om pasientskadeerstatning hos oss. Han fekk ikkje medhald fordi pasientskadelova ikkje dekkjer slik behandling.

Skriv ut Bokmål | English | 5. januar 2018

Mannen fekk ein alvorleg skade i ryggen under ei badeulukke i utlandet. Han blei behandla ved det offentlege sjukehuset på staden. Han var lamma i beina, men hadde full funksjon i armane då han blei innlagd og fram til operasjonen dagen etter. Etter operasjonen hadde han fått ytterlegare skade av ryggmargen, og var lamma frå halsen og ned. 

Vurderinga vår
Skaden skjedde ved opphald på eit sjukehus i EU. Reglane for europeisk helsetrygdkort gir pasientar rett til dekning av utgifter til nødvendig medisinsk behandling på lik linje med innbyggjarane i landet ein oppheld seg i. For nordmenn gjeld dette i alle EU-land og EØS-landet Sveits.

Nordmenn som får behandling i utlandet, kan ikkje søkje om erstatning hos oss. Pasientskadelova dekkjer berre behandling i utlandet om det offentlege på førehand har inngått avtale med behandlingsstaden gjennom tilskot eller avtale om kjøp av tenester. Eit eksempel er når pasientar med ventelistegaranti blir sende til behandling i utlandet

Behandlinga etter badeulukka gir ikkje rett til erstatning frå oss, sjølv om det utanlandske sjukehuset i etterkant får refundert utgiftene sine av den norske folketrygda. Ordninga med pasientskadeerstatning er ein nasjonal rett som til no stort sett berre finst i dei nordiske landa.

Mannen har ikkje rett til erstatning.