Forelda krav - avslag

Ei kvinne søkte erstatning for skader etter celle- og strålebehandling av tilbakefall av kreft. Ho fekk ikkje erstatning, då kravet var forelda etter treårsfristen.

Treårsfristen

Treårsfristen (Foreldelsesloven av 18. Mai 1979 nr. 18 § 9 nr 1)
I lova står det at " krav på skadeserstatning......... foreldes tre år etter den dag da skadelidte fikk eller burde skaffet seg nødvendig kunnskap om skaden og den ansvarlige".

Skriv ut Bokmål | English | 5. januar 2018

Ei kvinne blei behandla for kreft i livmorhalsen i 2004. På grunn av plager etter behandlinga blei ho lagd inn på sjukehus i november 2006. I januar 2007 blei det konstatert tilbakefall av kreftsjukdomen. Kvinna blei behandla med stråle- og cellegift over ein periode på tre månader. Ho fekk ei rekkje plager som kom av cellegift- og strålebehandlinga, mellom anna stråleskade av tarmen og endetarmen, nerveskade i hendene og føtene, inkontinens, minnesvikt og trøttleik. Kvinna fekk godkjend uførepensjon frå 2007.

Kvinna melde saka til oss i 2012. Ho meinte at ein depresjon etter behandlinga av sjukdomen førte til at ho ikkje klarte å søkje om erstatning tidlegare.

Treårsfristen i foreldingslova
Det er foreldingslova som gjeld når vi skal vurdere om eit krav er forelda. Denne lova set fristar for når ein seinast må søkje om erstatning. Søkjer ein etter at fristen er ute, vil kravet vere forelda og vi kan ikkje behandle saka.

Ein har i utgangspunktet ein frist på tre år etter at skaden skjedde, for å søkje om erstatning. Fristen startar frå det tidspunktet ein fekk kunnskap om

  • at ein har fått ein skade som følgje av behandlinga
  • at skaden er varig, og gir eit økonomisk tap

Fristen startar frå då ein visste, eller burde ha visst om dette. Det vil seie at den som har fått ein skade sjølv har ansvar for å skaffe seg kunnskap om desse forholda.

Vurderinga vår
Kvinna søkte om uførepensjon i desember 2007. I uttalen som NAV henta inn frå sakkunnig, gjekk det fram at dei plagene ho oppgav som biverknader frå celle- og strålebehandlinga i skademeldinga til oss, var hovudgrunnen til at ho blei arbeidsufør. Journalen frå fastlegen støtta òg denne samanhengen.

Vi meinte difor at kvinna seinast i desember 2007 visste at ho hadde ein skade som kom av behandlinga. Vi meinte at ho frå same tid hadde kunnskap om at ho hadde fått ein skade som var varig, og at skaden ville føre til økonomisk tap.

Foreldingsfristen starta difor frå desember 2007. Med ein frist på tre år for å søkje erstatning, måtte kvinna ha meldt kravet innan desember 2010. Ho melde kravet til oss først i februar 2012, meir enn eitt år for seint.

Vi fann at kvinna ikkje hadde rett til erstatning fordi kravet var forelda. At ho var komen i ein vanskeleg situasjon etter behandlinga av sjukdomen, hindra ikkje at fristen starta. Terskelen for å søkje om erstatning hos oss er svært låg, og det var ingenting som tydde på at kvinna var i ein slik tilstand etter behandlinga, at ho ikkje kunne søkje i tide.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.