Kreft - skade på urinleiar - avslag

Ei kvinne blei operert i underlivet, då sjukehuset frykta kreft. Under inngrepet blei ein urinleiar skadd, og ho måtte gjennom ein ny operasjon. Kvinna søkte om erstatning for at sjukeperioden blei lenger. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 10. november 2017

Kvinna hadde vaginale blødingar, svulst og vevsforandringar i underlivet. Legane hadde mistanke om at svulsten var vondarta, og ho blei operert. Under operasjonen oppstod det ei bløding som måtte stoppast. Fire dagar etter inngrepet blei kvinna utskriven frå sjukehuset.

På grunn av store smerter, blei ho innlagd att tolv dagar seinare. Undersøkingane viste at den eine urinleiaren sannsynlegvis var blitt skadd då blødinga blei stoppa. Kvinna blei fyrst behandla med kateter. Etter nokre dagar blei ho overført til eit sjukehus med spesialkompetanse for vidare behandling. Der fann dei ut at urinleiaren var tett, og kvinna måtte opererast for dette.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i gynekologi vurdete saka.

Vi konkluderte med at det var godt grunnlag for operasjonen, spesielt sidan legane hadde mistanke om at svulsten var vondarta. Operasjonen og oppfølginga av kvinna blei gjort etter god medisinsk praksis. Skaden blei oppdaga raskt då kvinna kom tilbake til sjukehuset, og ho blei send til eit sjukehus med spesialistar på slike komplikasjonar.

At det oppstår skade på ein urinleiar ved slike operasjonar er kjent, sjølv om operasjonen er rett utført. Skaden gav heller ikkje nokon varige følgjer.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.