Tynntarmskreft - manglande oppfølging - medhald

Ei kvinne søkte erstatning då ho meinte at ho fekk for dårleg oppfølging etter at ho fekk fjerna ein svulst i tynntarmen. Fire år seinare viste undersøkingar at ho hadde fått fleire større kreftsvulstar. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

CT-røntgen

CT-røntgen er ei avansert form for røntgenfotografering. I motsetnad til vanleg røntgen, der røntgenrøyret står stille, flytter røntgenrøyret og detektoren seg rundt pasienten, samtidig som pasienten blir flytt.

Skriv ut Bokmål | English | 19. oktober 2018

Kvinna var lagd inn på sjukehuset for å få fjerna ein svulst frå tynntarmen. Svulsten var stor, hadde potensial for å vere vondarta, og representerte ein risiko for spreiing. Prøvane etter operasjonen tydde på at heile svulsten var fjerna, og det vart ikkje avtalt vidare kontrollar.

Fire år etter operasjonen merka kvinna ubehag i mageregionen. Nye prøvar viste at kreften var komen tilbake. Kvinna måtte opererast på nytt. Kirurgane fjerna då flere svulster i nedre del av magen.

I tida etter operasjonen spreidde kreften seg vidare til levra, og kvinna blei mellom anna behandla med cellegift.

Behandlingsstaden gav utrykk for at dei undervurderte svulsten. Mellom anna burde storleiken på svulsten ført til at kvinna fekk oppfølging med CT-undersøkingar. Hadde det blitt gjort, ville dei sannsynlegvis oppdaga spreiinga på eit langt tidlegare tidspunkt.

Vurderinga vår
Vi henta ikkje inn sakkunnig vurdering i saka, men la uttalen frå sjukehuset til grunn.

I uttalen var medisinsk ansvarleg på sjukehuset tydeleg på at deira medisinske vurderingar ikkje var rette. Vi meinte at oppfølginga kvinna fekk etter operasjonen, ikkje var i tråd med god medisinsk praksis. Sjølv om svulsten blei heilt fjerna ved operasjonen, var han av ein slik art at kvinna skulle vore følgd opp med kontrollar.

Den manglande oppfølginga førte til at kreften fekk spreie seg, og at han blei oppdaga langt seinare enn nødvendig.

Kvinna har rett til erstatning.