Brystkreft – diagnose – avslag

Ei kvinne søkte om erstatning fordi ho meinte at ho hadde blitt eitt år forseinka diagnostisert med brystkreft. Ho meinte at ho hadde symptom som skulle vore følgde betre opp med fleire undersøkingar. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

Statistikk

Skriv ut Bokmål | English | 23. februar 2018

Kvinna var inkludert i det nasjonale programmet for mammografiscreening. Difor blei ho rutinemessig undersøkt anna kvart år. Det blei ikkje funne noko som det var grunnlag for å undersøkje vidare. Eit år etter siste screening fekk kvinna ei bløding frå den eine brystvorta. Ho blei difor tilvist til ultralyd og mammografi. Ein fann heller ikkje då noko som kunne gje mistanke om kreft. Difor blei det ikkje teke vevsprøvar eller avtalt ny kontroll.

Eit års tid etter oppdaga kvinna ein kul i brystet. På sjukehuset fann dei ein svulst i brystet, og vevsprøve av svulsten viste at det var kreft. Kvinna blei behandla med cellegift før heile brystet blei fjerna.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i radiologi vurderte saka.

Vi meinte at diagnostiseringa ved sjukehuset var i tråd med god medisinsk praksis. Det var ikkje nokon synlege funn eller endringar som ein kunne sjå ved mammografi og ultralyd då kvinna blei undersøkt etter at ho hadde blødd frå brystvorta. Difor var det ikkje grunnlag for vidare utgreiing, med kontrollundersøkingar etter få månader eller trippeldiagnostikk (mammografi, ultralyd og vevsprøve). Vi konkluderte med at brystkreften ikkje var forseinka diagnostisert.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.