Brystkreft – diagnose – avslag

Ei kvinne søkte om erstatning for forseinka diagnose av ein kul i venstre bryst. Ho meinte at om brystkreften hadde blitt oppdaga tre månader før, ville behandlinga vore mindre omfattande. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

Statistikk

Skriv ut Bokmål | English | 23. februar 2018

Kvinna gjekk til årleg undersøking og mammografi ved eit privat sjukehus. To månader etter ei slik undersøking kjende ho ein kul i det venstre brystet. Gjennom fastlegen fekk ho time til undersøking på det lokale offentlege sjukehuset. Der fekk ho stadfesta at ho hadde ein kreftsvulst i brystet. Ho blei behandla med brystbevarande kirurgi, der svulsten og ein lymfeknute i armhola blei fjerna. Det var inga spreiing til lymfeknuten. Ho fekk cellegift, stråle- og hormonbehandling.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i radiologi og ein sakkunnig spesialist i kreftsjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at diagnostiseringa ved det private sjukehuset ikkje var i tråd med god medisinsk praksis. Mammografibilda blei ikkje tolka på rett måte fordi ein ikkje oppdaga at det var endringar frå før som kunne tolkast som vondarta. Vi meinte at det hadde vore grunnlag for å gå vidare med ultralyd og vevsprøvar. Det er sannsynleg at ein då ville oppdaga kreften. Brystkreften til kvinna kunne då ha vore behandla tre månader før.

Sjølv om diagnosen og behandlinga blei forseinka med tre månader, meinte vi at det ikkje hadde noko å seie for typen og omfanget av behandlinga ho måtte gjennomgå, og for prognosen hennar for å overleve. Svulsten var framleis liten og det var inga spreiing til lymfeknutar i armhola. Ho måtte uansett ha gjennomgått operasjon, cellegift- og strålebehandling i det same omfanget som tre månader før. Mogleigheita hennar til å bli frisk på sikt, var heller ikkje blitt dårlegare.

Forseinkinga førte difor ikkje til nokon skade.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.