Brystkreft – diagnose – medhald

Ei kvinne søkte om erstatning for forseinka diagnose av kreft i venstre bryst. Ho meinte det førte til at heile brystet måtte fjernast og at ho måtte gå gjennom meir omfattande behandling. Ho meinte at diagnosen kunne vore stilt før, og at ho fekk varige plager som ho elles ikkje ville fått. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Statistikk

Skriv ut Bokmål | English | 23. februar 2018

Kvinna blei behandla for kreft i det høgre brystet. På det tidspunktet blei forholda i det venstre brystet skildra som normale. Eit års tid etter oppdaga kvinna ein kul i det venstre brystet, og ho blei undersøkt på nytt, utan at ein fann noko unormalt.

Mammografiundersøking tre månader etter gav heller ikkje mistanke om kreft. Etter endå eit år, då det var komen ein kul i armhola, blei kvinna undersøkt med mammografi og vevsprøve. Desse undersøkingane viste at kvinna hadde brystkreft med spreiing til lymfeknutane i armhola. Ho fekk cellegiftbehandling, før ho fekk fjerna heile brystet. Ho fekk òg strålebehandling.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i radiologi og ein sakkunnig spesialist i kreftsjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at kvinna burde blitt nærare utgreia med mammografi, ultralyd og vevsprøve (trippeldiagnostikk) då ho kom til legen etter å ha oppdaga ein kul i brystet. Dette ville mest sannsynleg ha ført til at kreftsjukdomen i det venstre brystet hadde blitt oppdaga då, og ikkje fyrst over eitt år seinare.

Forseinkinga førte til at kvinna måtte ha eit større inngrep enn om diagnosen var stilt eitt år før. Vi meinte at det mest sannsynleg ikkje ville vore nødvendig å fjerne heile brystet og at det ikkje ville vore spreiing til lymfeknutar i armhola.

Kvinna måtte uansett hatt hormonbehandling i ein femårs periode. Omfanget av plagsam cellegift- og strålebehandling ville vore mindre ved diagnose i rett tid.

Forseinkinga gav ein noko dårlegare prognose for å overleve etter ti år. Vi meinte at den psykiske påkjenninga som følgje av den dårlegare prognosen var av slik art og omfang at ho hadde rett til ei eiga meinerstatning for dette.

Kvinna har rett til erstatning.