Prostatakreft - manglande tilvising - medhald

Ein mann fekk påvist auka PSA, men blei ikkje tilvist til vidare undersøkingar. Nokre år seinare fekk han påvist ulækjeleg prostatakreft. Han søkte om erstatning. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.

PSA - prostataspesifikt antigen

Protein som blir produsert i prostata og kan finnast i auka konsentrasjonar i blodet, mellom anna ved prostatakreft, men kan òg vere auka utan at det er kreft. Blir brukt som kreftmarkør ved diagnostikk. Blir òg brukt til å kontrollere behandlingsresultat.

Skriv ut Bokmål | English | 21. juni 2019

Mannen gjekk til fastlegen for å få gjort ein PSA-test fordi det var prostatakreft i næraste familie. Sjølv om PSA-verdien var auka, gjorde ikkje legen fleire undersøkingar, eller viste mannen vidare til urolog. Nokre år seinare fekk mannen ein gong til påvist auka PSA, og vevsprøvar viste at han hadde prostatakreft. Han blei operert og stråle-og hormonbehandla. Det blei påvist spreiing til skjelettet.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin og ein sakkunnig spesialist i urologi vurderte saka.

Vi meinte at behandlinga hos fastlegen ikkje var i tråd med god medisinsk praksis. Ut frå familiehistorien og funn av auka PSA-verdiar, burde mannen vore tilvist til vidare utgreiing fyrste gongen PSA blei påvist auka.

Følgjene av forseinkinga var at han gjekk glipp av moglegheita til å bli frisk, og prognosen for overleving blei vesentleg dårlegare. Hadde han blitt operert tidlegare, ville han mest sannsynleg sloppe tilleggsbehandling og dei plagene som den meir omfattande behandlinga førte til.

Mannen har rett til erstatning.