Antibiotikabehandling - avslag

Ei kvinne søkte erstatning då ho meinte at ho fekk for dårleg oppfølging og behandling av urinvegsinfeksjonar. Ho meinte at ho ikkje ville fått skade på blæra om ho hadde fått sterkare antibiotikakurar. Vi vurderte saka og ho fekk ikkje medhald.

Urostomi

I dag er Brickers blære den mest vanlege metoden, og blir oftast brukt når blæra må fjernast ved blærekreft. Ved denne metoden koplar ein urinleiarane frå blæra til ei ny «blære» laga av ein del av tunntarmen. Ein liten del av tarmen blir ført fram gjennom huda på magen, slik at det blir ein opning, som ein festar ein urostomipose til, for å samle opp urinen.

Skriv ut Bokmål | English | 28. juni 2018

Kvinna hadde vore plaga med urinvegsinfeksjonar, og blei behandla med antibiotika (Ciproxin). Då ho kom til konsultasjon hjå fastlegen ei veke seinare, hadde ho ingen symptom eller problem med vasslating. Urinprøve viste ingen teikn til infeksjon.

To månader seinare kom kvinna tilbake til legen. Då viste urinprøva oppvekst av streptokokkar. Ho fekk behandling for dette med Selexid, som òg er eit antibiotikum.

Seinare blei kvinna innlagd på det lokale sjukehuset med smerter i den eine sida. Ho fekk då ein ny kur med Selexid. Nærare undersøking av blæra, viste ei stor mengd resturin, og kvinna fekk difor lagt inn eit permanent kateter. Det viste seg òg at kvinna hadde blæreparese, og kunne ikkje late vatnet på vanleg måte. Ho fekk difor lagt inn ein urostomi.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin vurderte saka.

Vi meinte at utgreiinga og oppfølginga kvinna hadde fått for urinvegsplagene sine over fleire år, var i samsvar med god medisinsk praksis. Den behandlinga ho fekk med Selexid var tilstrekkeleg, og ho blei òg symptomfri av behandlinga. Det var ingen haldepunkt for at antibiotikumet var for svakt.

Vi vurderte at det ikkje var samanheng mellom behandlinga kvinna fekk for urinvegsinfeksjonane, og den oppståtte blæreparesen.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.