Antibiotikabehandling – medhald

Ei kvinne utvikla skade på balansenerven som følgje av langvarig medisinering med antibiotikumet Gentamycin. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Balanseorganet

Balansenerven eller balanseorganet, ligg i det indre øyret. Typiske symptom ved forstyrring i balanseorganet eller skade på balansenerven, er ørske, kvalme og at ein kjenner seg uvel.

Skriv ut Bokmål | English | 31. august 2018

Kvinna blei innlagd på sjukehus etter at ho hadde svima av. Ein fann ein alvorleg infeksjon med gule stafylokokkar. Ho blei behandla med fleire typar medikament, mellom anna Gentamycin som er eit antibiotikum.

Ho blei skriven ut etter ei veke, og var då i god betring. Ti dagar seinare blei ho innlagd på nytt med redusert allmenntilstand. Ho hadde ein betennelse i ryggen som førte til ny antibiotikabehandling. Etter ei veke var ho betre, og blei skriven ut frå sjukehuset.

Ved kontroll to og ei halv veke seinare, var ho plaga med ørske og nedsett balanse. Ein spesialist i øyre-nase-halssjukdomar konkluderte seinare med at ho hadde fått ein skade på balanseorganet, som mest sannsynleg skuldast medisineringa.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i indremedisin og infeksjonsmedisin vurderte saka.

Vi meinte at skaden på balanseorganet mest sannsynleg hadde samanheng med behandlinga med antibiotika. Det var godt grunnlag for å behandle kvinna, då ho hadde ein alvorleg infeksjon med gule stafylokokkar.

Ved denne typen infeksjon er det i retningslinjene tilrådd behandling i sju dagar, men i svært alvorlege tilfelle kan ein gi inntil 14 dagar med antibiotika i høge dosar. I hennar tilfelle blei behandlinga gitt i tre veker. Dette var ikkje i samsvar med god medisinsk praksis. Det var ein svikt i behandlinga som førte til skade på balanseorganet.

Kvinna har rett til erstatning.