Antipsykotisk behandling - biverknad – avslag

Ein mann utvikla skjelving og blei stiv i kroppen etter behandling med legemidla Zyprexa og Trilafon. Han søkte om erstatning. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 31. august 2018

Mannen hadde diagnosen paranoid schizofreni, og hadde vore innlagd på psykiatrisk avdeling mange gonger. Fleire gonger blei han innlagd fordi schizofrenilidinga hadde blitt verre, etter at han på eige initiativ hadde slutta å bruke medisinar. Han fekk behandling med mellom anna dei antipsykotiske legemidla Zyprexa og Trilafon. Etter ei tids bruk byrja han å bli plaga av at han var stiv og skalv i kroppen.

Vurderinga vår 
Ein sakkunnig spesialist i klinisk farmakologi vurderte saka.

Det var godt grunnlag for å behandle pasienten med Zyprexa og Trilafon, då han hadde diagnosen paranoid schizofreni. Behandlinga med medikament førte til at han fekk ein kjend biverknad i form av parkinsonliknande symptom. Medikamenta verka positivt på den psykiske sjukdomen.

Biverknadane går vanlegvis tilbake av seg sjølve dersom ein reduserer dosen, eller avsluttar behandlinga. Det skjedde òg i dette tilfellet, og mannen fekk ikkje varig skade.

Han har ikkje rett til erstatning.