Blodtrykksmedisinering – avslag

Ein mann fekk ved ein feil for høge dosar blodtrykksmedisin. Han meinte at dette førte til skade på hjartet, og behov for pacemaker. Vi vurderte saka og han fekk ikkje medhald.

Hjarteblokk og AV-blokk

Forstyrring i impulsoverføringa i hjartet blir kalla hjarteblokk. Den vanlegaste forma er AV-blokk, der passasjen av impulsar mellom framkammer og hjartekammer er hemma eller heilt avbroten.

Skriv ut Bokmål | English | 31. august 2018

Ein mann gjekk fast på blodtrykksmedisinen Atacand. Ved ein feil på apoteket fekk han utlevert Atacand Plus 16 mg, i staden for 8 mg som han pla å bruke.

Ein månad seinare uvita han. Dette gjentok seg to gonger til dei neste månadene. Han blei innlagd på sjukehus etter den siste svimringa. Nokre veker seinare oppdaga han sjølv at han hadde fått utlevert Atacand i for høg dose, og han gjekk då tilbake til den vanlege dosen.

Fem månader seinare fekk han nye anfall med svimringar, og han blei på nytt innlagd på sjukehuset. Der fekk han kortvarig hjartestans. Han fekk sett inn pacemaker på grunn av hjartelidinga AV-blokk.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i indremedisin vurderte saka.

Vi meinte at det mest sannsynleg ikkje var samanheng mellom overdoseringa med Atacand og at mannen blei sjuk med hjartestans, og at han måtte få sett inn pacemaker. Det er ikkje dokumentert at overdosering med Atacand kan gi hjarteblokk.

I tillegg skjedde hjartestansen fleire månader etter at medisindosen var justert ned.

Mannen har ikkje rett til erstatning.