P-pillebruk - biverknad – medhald

Ei kvinne brukte p-pillen Microgynon. Ho utvikla hjerneslag fire år etter at ho starta med p-pillen. Ho søkte om erstatning. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 31. august 2018

Like etter hjerneslaget hadde kvinna talevanskar, og blei lam i høgre kroppshalvdel. Ho fekk behandling med blodtynnande medisinar, og gjennomgjekk rehabilitering. Hun sleit med språk- og konsentrasjonsvanskar. I tillegg utvikla ho ein alvorleg depresjon.

Vurderinga vår 
Ein sakkunnig spesialist i indremedisin og blodsjukdomar vurderte saka.

Blodpropp som fører til hjerneslag er ein kjend biverknad ved bruk av østrogenhaldige p-pillar. Microgynon er ein såkalla andregenerasjons p-pille, som gir lågare risiko for blodpropp enn andre østrogenhaldige p-pillar. Risikoen for å få denne typen blodpropp er dessutan svært liten hos ikkje-røykjande kvinner i den aldersgruppa kvinna var.

Kvinna var frisk då ho starta med Microgynon på grunn av behov for prevensjon. Det var ingen forhold som talde imot at ho kunne byrja med p-pille. Ho fekk ein sjeldan og alvorleg biverknad i form av hjerneslag på grunn av p-pillebruken. Hjerneslaget førte til vedvarande problem, særleg med kognitive funksjonar, i tillegg til ein alvorleg depresjon. Vi meinte at det var sannsynleg at ho hadde fått varig mein.

Kvinna har rett til erstatning.