Vaksine mot svineinfluensa - biverknad - avslag

Ei jente fekk vaksinen Pandemrix mot svineinfluensa. Ho meinte at vaksinen førte til at ho utvikla søvnsjukdomen narkolepsi. Vi vurderte saka og jenta fekk ikkje medhald.

Narkolepsi

Narkolepsi er ein kronisk, nevrologisk tilstand som forstyrrar søvnreguleringa. Dei som blir ramma er utprega søvninge, som mellom anna gjer at dei søv på dagtid. Nokre får anfall med kortvarig tap av muskelkraft/lamming (katapleksi), som blir utløyst av kjensleutbrot som glede og sinne. Sjukdomen startar vanlegvis i tenåra, og blir sannsynlegvis ofte oversett hos born. Omlag 2000 til 2500 personar i Noreg har narkolepsi. Kjelde: Norsk helseinformatikk.

Pandemrix

Vaksinen Pandemrix blei brukt i den landsomfattande vaksinasjonskampanjen mot svineinfluensa i 2009. Det er funne ein overtettleik av narkolepsi hos barn og unge mellom fire og 19 år, som fekk vaksinen. Årsaka til den auka tettleiken er førebels ukjend.

Skriv ut Bokmål | English | 23. november 2017

Jenta blei vaksinert med Pandemrix som del av den nasjonale vaksinasjonskampanjen i 2009. I ei tid før ho fekk diagnosen, hadde ho hatt symptom med mellom anna stort søvnbehov og tap av muskelstyrke (katapleksi). Ho sovna på skulen, og hadde problem med å konsentrere seg.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i nevrologi vurderte saka.

Vi meinte det var dokumentert at jenta hadde hatt symptom på narkolepsi i over eitt år før ho fekk diagnosen. Dette skjedde før ho blei vaksinert. Vaksinasjonen med Pandemrix kunne dermed ikkje vere årsaka til at ho utvikla denne sjukdomen.

Etter at jenta fekk diagnosen, byrja ho med medisinar som hadde god effekt på narkolepsien hennar. Det fanst ikkje dokumentasjon som tydde på at søvnsjukdomen blei verre etter vaksinasjonen.

Jenta har ikkje rett til erstatning.