Vaksine mot svineinfluensa - biverknad - medhald

Ein gut blei vaksinert med Pandemrix mot svineinfluensa. Han utvikla søvnsjukdomen narkolepsi etter vaksinasjonen, og kravde erstatning. Vi vurderte saka og han fekk medhald.

Narkolepsi

Narkolepsi er ein kronisk, nevrologisk tilstand som forstyrrar søvnreguleringa. Dei som blir ramma er utprega søvninge, som mellom anna gjer at dei søv på dagtid. Nokre får anfall med kortvarig tap av muskelkraft/lamming (katapleksi), som blir utløyst av kjensleutbrot som glede og sinne. Sjukdomen startar vanlegvis i tenåra, og blir sannsynlegvis ofte oversett hos born. Omlag 2000 til 2500 personar i Noreg har narkolepsi. Kjelde: Norsk helseinformatikk.

Pandemrix

Vaksinen Pandemrix blei brukt i den landsomfattande vaksinasjonskampanjen mot svineinfluensa i 2009. Det er funne ein overtettleik av narkolepsi hos barn og unge mellom fire og 19 år, som fekk vaksinen. Årsaka til den auka tettleiken er førebels ukjend.

Skriv ut Bokmål | English | 23. november 2017

Fire månader etter vaksinasjonen tok foreldra guten med til legen fordi han hadde fått auka behov for søvn og hatt søvnforstyrringar dei siste månadene. Han hadde mellom anna byrja å sovne på dagtid, både i skuletimane og heime.

Legen viste guten til sjukehus for vidare utgreiing. På grunnlag av utgreiingar med undersøkingar av vevstype, funn av lågt nivå av stoffet hypokretin i hjernen og sjukdomsutviklinga, fekk han diagnosen narkolepsi. Det blei òg gjort søvntestar som stadfesta diagnosen. Han byrja behandling med medisinen Ritalin.

Vurderinga vår
Ein spesialist i barnesjukdomar vurderte saka.

Vi meinte at det var mest sannsynleg at narkolepsien guten hadde blei utløyst av vaksinen Pandemrix.

Guten oppfylte dei diagnostiske kriteria for søvnsjukdomen, og symptoma starta i løpet av eit par månader etter at han fekk vaksinen. Det var inga anna, meir sannsynleg årsak til at han fekk narkolepsi.

Han har rett til erstatning.