Hjerneinfarkt - medhald

Ei kvinne søkte om erstatning for forseinka diagnostisering og behandling av hjerneslag. Ho meinte dette førte til at ho fekk varige lammingar og funksjonssvikt. Vi meinte at forseinkinga kom av ein svikt, og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 6. oktober 2017

Kvinna blei akutt svimmel, ustø og hadde nedsett rørsleevne i den eine foten. Pleiar som kom til, fekk mistanke om at ho hadde hatt eit drypp, og ringde legevakta. Då ambulanse kom til staden, var symptoma gått tilbake, men ho var framleis ustø og snakka bablande. Etter samtale med fastlegen tok dei henne ikkje med, men oppmoda om å ta kontakt om ho blei verre. Om kvelden var ho ustø og fall på toalettet. Ho blei frakta til legevakta og undersøkt. Kvinna ynskte ikkje å bli innlagd på sjukehuset.

Neste morgon vakna ho med nedsett rørsleevne i venstre side. Ho blei då innlagd på sjukehuset med mistanke om hjerneinfarkt. CT-undersøking av hjernen viste at det hadde vore eit infarkt i høgre hjernehalvdel. Ho blei behandla på vanleg måte med acetylsalisylsyre. Lamminga på venstre side blei varig, og kvinna blei avhengig av hjelp med alle daglege gjeremål.

Vurderinga vår
Saka blei vurdert av sakkunnig spesialist i allmennmedisin og sakkunnig spesialist i nevrologi.

Vi meinte at kvinna burde vore innlagd på sjukehuset for observasjon allereie fyrste gongen ho var i kontakt med ambulansepersonell, med dei symptoma ho hadde då. Sjølv om ho ikkje ynskte å bli innlagd, burde ho fått råd om det. I staden blei ho rådd til å vente heime. Denne oppfølginga var ikkje i tråd med god medisinsk praksis, og kan ha ført til forseinka diagnose og behandling.

Hadde ho vore på sjukehuset då tilstanden blei verre om natta, kunne ho fått rask behandling med blodfortynnande. Det er sannsynleg at lammingane då hadde vore mindre. Kvinna ville då mest sannsynleg ikkje hatt behov for hjelp i det daglege.

Kvinna har rett til erstatning.