Brot i finger - sein behandling - avslag

Ei jente var innblanda i ei trafikkulukke og fekk brot i ein finger. Ho blei operert etter tolv timar. Resultatet var at to ledd av fingeren måtte amputerast. Foreldra meinte ho blei operert for seint. Vi vurderte saka og jenta fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 15. desember 2017

Jenta blei påkøyrd av ein lastebil. Ho kom fram til sjukehuset, og blei undersøkt i åttetida same kveld. Det blei konstatert eit opent brot i den høgre veslefingeren.

Fingeren blei lagd i bøygd stilling med ein kompresjonsbandasje i påvente av behandlinga. Journalnotat frå klokka tre same natt, skildra skadar og utstikkande beinfragment på det midtarste fingerbeinet. Morgonen etter blei jenta operert, og feilstillinga i brotet retta opp.

Ved kontroll av fingeren to dagar seinare, var ein del av vevet i fingeren daudt. Det førte til at ein måtte amputere fingeren frå det midtarste fingerbeinet og ut til tuppen.

Foreldra meinte at delar av veslefingeren måtte amputerast fordi jenta måtte vente for lenge på behandling etter trafikkulukka. Då ho blei operert fyrst tolv timar etter at ho kom til legevakta, var det for seint å redde fingeren. Foreldra meinte at om operasjonen hadde vore gjort straks etter at ho kom inn, kunne heile veslefingeren vore redda.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var lite sannsynleg at fingeren kunne vore redda om ein hadde operert tidlegare. Behandlinga og oppfølginga var etter god medisinsk praksis. At jenta måtte vente i tolv timar før ho blei operert, er vanleg på ei akuttavdeling. Jenta blei difor prioritert for operasjon om morgonen. Kirurgane prøvde å redde fingeren, men på grunn av at skaden var stor, og sirkulasjonen kraftig nedsett i dei ytste ledda, var det ikkje mogleg.

Vi konkluderte med at det ikkje var svikt i behandlinga som førte til amputasjonen, men brotskaden i seg sjølv.

Jenta har ikkje rett til erstatning.