Brot i ryggen - diagnose - avslag

Ein mann fall ned frå eit tre. Han blei undersøkt på sjukehus. Det tok likevel fire veker før legane oppdaga at han hadde brot i ein ryggvirvel. Mannen søkte om erstatning då han meinte at han fekk varige plager fordi brotet ikkje blei oppdaga tidlegare. Vi vurderte saka og mannen fekk ikkje medhald.

CT-undersøking

CT-undersøking er ei avansert form for røntgenfotografering. I motsetnad til vanleg røntgen der røntgenrøyret står stille, flytter røntgenrøyret og detektoren seg rundt pasienten samtidig som pasienten blir flytt på. Det blir ei tverrsnittsundersøking.

Skriv ut Bokmål | English | 13. desember 2017

Då mannen kom til sjukehuset etter fallet, viste undersøkingar med røntgen skadar på ei lunge, ribbeinsbrot og nokre mindre brot i ryggsøyla. Han blei behandla for skadane, og etter kvart skriven ut frå sjukehuset. Han skulle følgjast opp hos fysioterapeut.

Fire veker seinare var mannen på kontroll, og det blei gjort ei CT-undersøking. Legane oppdaga då at han hadde brot i ein av ryggvirvlane. Mellom to av ryggvirvlane såg ein også at ei dekkplate var skadd og nedpressa. Dette fører normalt  til smerter.

Mannen blei overført til eit større sjukehus for å finne ut om han skulle opererast. Alternativet var å trene opp ryggen på vanleg måte, ved bruk av korsett. Legane meinte at han hadde lite smerter og relativt god rørsleevne. I tillegg grodde brotet i god stilling.

På dette tidspunktet såg dei ingen grunn til å operere, og dei viste han til fysioterapeut for vidare opptrening.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Det at legane ikkje oppdaga brotet i ryggsøyla då mannen var lagd inn første gongen, meinte vi ikkje var årsaka til dei vedvarande plagene mannen hadde. Smertene skuldast brotet i seg sjølv, ikkje behandlinga.

Det er vanleg å tilrå opptrening, ikkje operasjon, når brot i ryggen lækjer seg normalt. Det er òg nokså vanleg at pasientar med denne typen skade på lenger sikt får ryggproblem.

Om brotet hadde blitt oppdaga før, hadde både behandlinga og resultatet i alle tilfelle blitt det same. Sjølv om diagnostiseringa i denne saka ikkje var god nok, fekk mannen rett behandling.

Mannen har ikkje rett til erstatning.