Hofteprotese ute av ledd - medhald

Ei kvinne søkte erstatning for smerteplager og nedsett funksjon etter proteseoperasjon i høgre hofte. Protesen gjekk ut av ledd fleire gonger, og ho måtte opererast på nytt.  Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 13. mars 2019

Kvinna fekk hofteprotese på grunn av slitasjegikt (artrose). Ho var plaga med smerter både ved belasting og kvile, og kunne berre gå nokre hundre meter.

Etter operasjonen gjekk protesen ut av ledd fleire gonger. Ein måtte trekkje protesen på plass i narkose. For å betre stabiliteten, blei kvinna operert på nytt eit halvt år etter den fyrste operasjonen. Lårstamma i protesen blei skifta ut. Dette gav inga betring, og kvinna var dei neste åra lagd inn på sjukehuset ei rekkje gonger fordi protesen gjekk ut av ledd.

Ho måtte gjennom ein ny operasjon til for å skifte ut protesen i hofteskåla. Etter mange år med ustabil hofte, var likevel utsiktene til eit godt resultat usikre.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det mest sannsynleg var samanheng mellom operasjonen og at hofta gjekk ut av ledd ei rekkje gonger. Dette førte til smerter og nedsett funksjonsevne.

Det var godt medisinsk grunnlag for proteseoperasjonen, men inngrepet blei ikkje utført etter god medisinsk praksis. Røntgenbilda som blei tekne etter operasjonen viste at protesen ikkje var sett inn i rett posisjon.

Heller ikkje den nye operasjonen blei gjort rett, då protesedelen i hofteskåla ikkje ble skifta. Dette førte til ein ustabil protese og enno ein operasjon, med eit dårlegare sluttresultat.

Kvinna har rett til erstatning.