Operasjon i handleddet - nerveskade - medhald

Ei kvinne fekk ein nerveskade under ein operasjon i handleddet. Ho søkte om erstatning for varige plager i ein finger. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Karpaltunnel syndrom

Karpaltunnel syndrom er ein tilstand med smerter og prikking i hendene og fingrane fordi ein nerve kjem i klem i handleddet under handrotsbandet. Symptoma kjem ofte om natta. Behandlinga er normalt eit kirurgisk inngrep, der handrotsbandet blir kutta av for å gje betre plass til nerven.

Skriv ut Bokmål | English | 15. desember 2017

Kvinna var plaga av prikking, kjenslestap og stikking oppover i armen og i fingrane. Ho fekk diagnosen karpaltunnel syndrom. Det var nødvendig å operere i handleddet for å lette trykket på nerven som var i klem.

Under operasjonen blei ei nervegrein til ein finger skadd ved eit uhell. Skaden blei oppdaga og ein prøvde å sy saman nerven dagen etter. Skaden på nerven førte likevel til at fingeren blei stiv, smertefull og med redusert finmotorikk.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var rett og nødvendig å operere, då kvinna hadde store plager. Ved denne typen operasjonar er det viktig å lokalisere kvar nervegreinene går, slik at dei ikkje blir skadde. Det såg ikkje ut til at denne kartlegginga blei gjort i dette tilfellet. Vi konkluderte med at dette var ein svikt, og at skaden ikkje ville oppstått dersom nerven hadde vore lokalisert.

Kvinna har rett til erstatning.