Skulderskade - forseinka diagnose - medhald

Ein mann fall på motorsykkel under trening og skada skuldra. Han kravde erstatning for forseinka diagnostisering og behandling av skaden. Vi vurderte saka og mannen fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 15. desember 2017

Mannen køyrde motocross. Under ein velt på trening, skadde han skuldra. På den lokale legevakta blei det konstatert at skuldra var ute av ledd, og legen drog ho på plass att. Mannen fekk beskjed om at han skulle ha armen i fatle ei vekes tid og så gradvis trene opp skuldra.

Smertene i skuldra varte likevel ved dei følgjande månadene, og mannen oppsøkte fastlegen sin fleire gonger i det høvet.

Etter tre til fire månader, blei han vist vidare til det lokale sjukehuset. Dei gjennomførte ulike undersøkingar, og fann skadar på fleire sener og musklar i skuldra og overarmen. Mannen blei operert på sjukehuset kort tid etter.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i allmennmedisin og ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Sidan smertene til mannen varte ved i lang tid etter det fyrste besøket på legevakta, meinte vi at det var svikt i behandlinga at fastlegen ikkje viste han til ytterlegare utgreiing tidlegare. Smertene mannen hadde, indikerte at det var større skadar i skuldra enn kva ein opphaveleg trudde.

Om mannen hadde blitt vist vidare tidlegare, kunne ein oppdaga dei omfattande skadane på sener og musklar i skuldra før. Han kunne i så fall blitt operert tidlegare, og det ville ha forkorta behandlingstida med fleire månader. Mannen fekk sannsynlegvis ikkje nokon varig skade på grunn av forseinkinga.

Mannen har rett til erstatning.