Hofteprotese - glutealsvikt - avslag

Ei kvinne fekk sett inn protese i høgre hofte. Etter operasjonen losna muskelfestet til setemuskulaturen (glutealsvikt). Ho søkte om erstatning då ho meinte at ho ikkje fekk tilstrekkeleg informasjon før operasjonen om at dette kunne skje. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Glutealsvikt

Ein hofteprotese kan setjast inn ved å kome til hofteleddet på tre måtar: Frå framsida, frå sida eller bakfrå. Vel ein å kome til hofteleddet frå sida, må dei to setemusklane som  fører beina utover til sida (glutealmuskulaturen) løysast frå hoftekammen.  Ein syr musklane på plass att mot hoftekammen med kraftige sting. Hos ein del pasientar, særleg eldre, kan muskelen vere så dårleg at stinga ikkje held. Det vil då oppstå glutealsvikt, som ofte fører til dårleg gangfunksjon og smerter.

Skriv ut Bokmål | English | 13. mars 2019

Kvinna hadde slitasjegikt (artrose) i hofteleddet. På grunn av dette hadde ho smerter, særleg når ho gjekk, og ho kunne difor berre gå korte distansar. Tilstanden hadde blitt verre, og ho hadde òg fått smerter om natta. Ho blei operert og fekk sett inn protese i hofta.

Ved kontroll var det fine forhold på røntgenbilda, men muskelfestet til setemuskulaturen hadde losna (glutealsvikt). Dette førte til nedsett funksjon i hofta. Legane tilrådde ikkje nokon ny operasjon.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i ortopedisk kirurgi vurderte saka.

Vi konkluderte med at det mest sannsynleg var samanheng mellom operasjonen og plagene kvinna hadde, med smerter og nedsett funksjon i hofta. Det var godt medisinsk grunnlag for å setje inn hofteprotese, då kvinna på førehand var svært plaga av smerter. Sjølve inngrepet blei gjort etter god medisinsk praksis. Glutealsvikt er ein kjend risiko ved inngrepet, som ho måtte akseptere.

Det gjekk ikke fram av dokumenta i saka om kvinna var informert om risikoen for muskelskade. Det var vanskeleg å vurdere kva informasjon ho hadde fått før inngrepet. Vi konkluderte med at det ikkje var nødvendig å ta stilling til dette spørsmålet, då kvinna i alle tilfelle mest sannsynleg ville latt seg operere, sjølv om ho hadde fått tilstrekkeleg informasjon.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.