Brystimplantat – avslag

Ei kvinne ynskte å forstørre brysta, og fekk lagt inn silikonprotesar på båe sider. Ho søkte om erstatning då ho ikkje var nøgd med resultatet. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 22. august 2019

Kvinna fekk lagt inn silikonprotesar i brysta ved en privatklinikk. Ved kontroll to dagar etter var resultatet tilfredsstillande. Ved ny konsultasjon eitt og eit halvt år seinare hadde det danna seg ein kapsel i venstre bryst, og høgre bryst hadde strekt seg (brystet «hang»). Kvinna meinte at ho hadde fått skulder-, nakke- og ryggplager på grunn av komplikasjonane.

Ho fekk tilbod om eit korrigerande inngrep, men ynskte ikkje dette.

Vurderinga vår 
Ein sakkunnig spesialist i plastikkirurgi vurderte saka.

Vi meinte at operasjonen var gjort etter god medisinsk praksis. Kvinna var på førehand godt informert om inngrepet og kjende komplikasjonar. Det var ingen medisinske forhold som tilsa at inngrepet ikkje skulle vore gjort. At det dannar seg kapsel og at huda strekkjer seg etter innlegging av protese, er godt kjende komplikasjonar ved slike operasjonar. Sideskilnaden var liten, og det var ikkje grunnlag for å seie at det var samanheng mellom skulder- og ryggplagene og resultatet av operasjonen. Vi meinte at resultatet var innanfor det ho måtte akseptere.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.