Brystimplantat – medhald

Ei kvinne fekk sett inn silikonimplantat i brysta ved ein privat klinikk. Ho søkte om erstatning då resultatet ikjke var slik ho forventa og hadde blitt førespegla. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 22. august 2019

Kvinna oppsøkte ein plastikkirurg med spørsmål om brystforstørring, då storleiken på brysta gav henne dårleg sjølvkjensle. Ho ynskte så store implantat som mogleg. Etter operasjonen mangla ho ei naturleg kløft mellom brysta. Ved kontroll hos plastikkirurgen forklarte han at det skuldast at ho hadde feitt under huda over brystbeinet. Dette blei til ein viss grad korrigert ved ein ny operasjon der det blei sett inn mindre implantat, og feittsoge over brystbeinet.

Behandlingsstaden kunne ikkje leggje fram nokon god dokumentasjon, korkje for det som blei gjort eller kva informasjon kvinna fekk på førehand.

Vurderinga vår 
Ein sakkunnig spesialist i plastikkirurgi vurderte saka.

Vi meinte at det var mangelfull dokumentasjon for kva vurderingar som blei gjort på førehand, og kva informasjon om forventa resultat kvinna fekk før operasjonen. Det var dessutan ingen opplysningar om kva vurderingar som blei gjort ved val av implantatstorleik og heller ikkje kor mykje feitt som blei fjerna frå brystbeinet. Det noko dårlege resultatet kunne skuldast forhold ved kvinna sjølv, men det kunne òg skuldast at implantata var feilplasserte . På grunn av manglande dokumentasjon frå kirurgen si side, la vi til grunn at behandlinga ikkje var etter god medisinsk praksis.

Kvinna har rett til erstatning.