Mageplastikk – avslag

Ei kvinne søkte erstatning etter operasjon med fjerning av overflødig hud og magefeitt. Ho fekk kaldbrann i såra på magen, og ho måtte opererast på nytt. Resultatet blei skjemmande arr på magen. Vi vurderte saka og kvinna fekk ikkje medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 10. januar 2018

Ei kvinne hadde fått hengjande mage etter svangerskap, men var elles ikkje overvektig. Ho blei difor operert med ein mageplastikk hos ein plastikkirurg.

Kvinna blei nøye informert om kva inngrepet gjekk ut på, og sidan ho røykte, blei det presisert for henne at ho ikkje måtte røykje to veker før, og minst to veker etter inngrepet.

Etter operasjonen blei ho fyrst behandla med eit stramt plaster på magen, deretter med ein body. Då plasteret blei teke av etter 14 dagar, var det blødingstendens i såra, som ikkje ville gro. Det viste seg at det hadde utvikla seg daudt vev og kaldbrann i snittet under navlen. Kvinna måtte leggjast inn på sjukehus for å få reinsa såra, og ho fekk eit stygt arr. Arret måtte seinare korrigerast med ein hudplastikk med hud frå låret.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i plastikkirurgi vurderte saka.

Vi meinte det var grunnlag for å gjere inngrepet, då kvinna ynskte det. Den metoden som blei brukt, var vanleg, og inngrepet blei gjort etter god medisinsk praksis. Det er nødvendig å skjere over mange små blodårar når ein snittar på magen og under huda. Legen som opererte kvinna, gjorde det han kunne for å gjere minst mogleg skade, og det var god blodsirkulasjon i såra etter operasjonen.

Det er ikkje uvanleg at det utviklar seg daudt vev i sårkantane, fordi sirkulasjonen ofte er dårleg i desse hudområda. Kvinna røykte framleis, og vi meinte at dette medverka til at såra ikkje grodde. Røyking gjer at blodkara trekkjer seg saman, slik at blodforsyninga i sårkantane stoppar opp. Vi meinte òg at kvinna var godt informert om komplikasjonane som kunne oppstå, og kor viktig det var å ikkje røykje før såra var grodde.

Kvinna har ikkje rett til erstatning.