Mageplastikk – medhald

Ei kvinne søkte erstatning for nedsett livskvalitet og smerteplager etter mageplastikk med feittsuging, då det oppstod vevsdaude i såret. Ho meinte at ho hadde fått ein nerveskade under inngrepet. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 10. januar 2018

Kvinna oppsøkte plastikkirurg då ho ynskte å få fjerna feitt og overskotshud på magen. Ho var overvektig, og kirurgen meinte  at det var grunnlag for å gjere mageplastikk med feittsuging.

Kvinna blei grundig informert om kva inngrepet gjekk ut på. Sidan ho røykte og hadde diabetes, blei ho særleg informert om at ho måtte slutte å røykje tre-fire veker før og to veker etter inngrepet, fordi røyking påverkar sirkulasjonen i blodårane og gjer at sår ikkje gror.

Inngrepet blei gjort utan komplikasjonar. Ved kontroll etter ti dagar, hadde kvinna fått eit stort sår i huda nedanfor navlen, som kirurgen meinte var typisk vevsdaude ved røyking. Kvinna blei behandla for hudskaden, som til slutt grodde. Ho hadde òg fått smerter i mageregionen, sannsynlegvis nervesmerter frå øydelagde hudnervar, som gav henne varige plager.

Vurderinga vår 
Ein sakkunnig spesialist i plastikkirurgi og ein sakkunnig spesialist i nevrologi vurderte saka.

Vi meinte at inngrepet mest sannsynleg ikkje blei utført etter god medisinsk praksis. Vi fann det sannsynleg at det var teke bort litt mykje hud på magen, og at huda på den måten blei for stram ved samansying. Dette førte til at det blei for liten sirkulasjon i operasjonsområdet. At kvinna ikkje klarte å slutte å røykje, hadde òg innverknad på at såret ikkje grodde slik det skulle. Vi meinte likevel at inngrepet var den viktigaste årsaka til hudskaden.

Vi kom òg fram til at det var samanheng mellom utviklinga av vevsdaude og ein nerveskade i huda på magen, som førte til varige nervesmerter.

Kvinna har rett til erstatning.