Augelokkplastikk – medhald

Ei kvinne fekk gjort augelokkplastikk på grunn av tunge augelokk. Ho søkte om erstatning på grunn av stygge arr på båe sider og ho meinte at det eine auget var blitt mindre. Vi vurderte saka og kvinna fekk medhald.

Skriv ut Bokmål | English | 10. januar 2018

Kvinna blei tilvist augelege av fastlegen sin, då han meinte at augelokka hennar var tunge, og ho kunne ha nytte av augelokkplastikk. Det blei funne medisinsk grunnlag for å operere augelokka ved å ta bort overflødig hud. Kvinna var misnøgd med resultatet av operasjonen, då ho hadde fått stygge, skjemmande arr på augelokka og det eine auget såg ut som det var blitt mindre.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i plastikkirurgi vurderte saka.

Vi meinte at operasjonen av augelokka ikkje blei gjort etter god medisinsk praksis fordi snitta var lagde for langt oppe på augelokka. Vanleg metode er å leggje snitta i den naturlege folda på augelokket. Arra etter inngrepa ville då ikkje vore synlege, sjølv om kvinna hadde ein hudtype som gir store arr. Vi meinte vidare at oppfølginga hos augelegen ikkje var god nok. Kvinna burde vore send vidare til plastikkirurg for å få ei vurdering av resultatet og eventuell korrigerande behandling.

Kvinna har rett til erstatning.