ADHD - forseinka diagnose – medhald

Ei kvinne fekk diagnosen ADHD i vaksen alder. Ho meinte at diagnosen burde vore stilt 21 år tidlegare. Ho søkte om erstatning for utmaningane ho hadde hatt i oppveksten med omsyn til skule, utdanning og arbeidsliv. Vi vurderte saka og ho fekk medhald.

ADHD

ADHD står for Attention Deficit Hyperactivity Disorder og er ei nevrobiologisk liding. Kjenneteikn er auka uro, rastløyse, impulsivitet, merksemds- og konsentrasjonsvanskar. Lidinga viser seg tidleg i barneåra. To til seks prosent av folkesetnaden i førskule-/skulealder har lidinga. 30-70 prosent av borna/ungdomane har framleis symptom som vaksne. Ny forsking dokumenterer at ADHD kan diagnostiserast hos vaksne utan at dei har hatt typiske symptom i barnealder.

Psykiater/psykolog stiller diagnosen gjennom ymse testmetodar.

Behandling: Dei vanlegaste medikamenta er metyl-fenidat-preparat (Ritalin o.l.) og amfetamin-preparat. I tillegg omfattar behandlingsprogrammet informasjon til pasienten og pårørande, tilrettelagt læringsopplegg, familiebehandling og nødvendig behandling av eventuelle andre lidingar som kan oppstå, som til dømes angst og depresjonar.

Skriv ut Bokmål | English | 19. desember 2017

Då kvinna var i tolvårs alderen tilviste pedagogisk – psykologiske tenester (PPT) henne til utgreiing ved ein barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling i heimfylket (BUPA). I tilvisinga dit, skreiv PPT at ho hadde store problem med å fungere. Dei skildra at ho var fysisk uroleg, impulsiv, og hadde konsentrasjonsvanskar.

BUPA gjorde fleire typar testar og observasjonar, og dei hadde fleire samtalar både med  jenta og foreldra. BUPA testa henne og meinte at ho var på grensa til å vere psykisk utviklingshemma. På bakgrunn av dette, sette skulen i gang spesiell oppfølging, men elles ikkje noko anna. Opp gjennom åra hadde kvinna store problem med å fungere. Fyrst i vaksen alder fekk ho diagnosen ADHD, etter at ho blei vist til utgreiing ved ein ADHD klinikk.

Vurderinga vår
Ein sakkunnig spesialist i barne- og ungdomspsykiatri vurderte saka.

Vi meinte at utgreiinga kvinna fekk ved BUPA då ho var barn, ikkje var i tråd med god medisinsk praksis. Ho burde fått diagnosen etter utgreiing ved BUPA 15 år tidlegare. Kvinna hadde då i lenger tid hatt fleire av dei klassiske symptoma på ADHD. Gjennom samtalar med familien og opplysingar frå skulen, hadde behandlingsstaden òg fått vite at fleire familiemedlemar hadde problem med hyperaktivitet.

Vi meinte at om kvinna hadde fått rett diagnose og medisinar 15 år før, ville ho mest sannsynleg hatt nytte av det, sjølv om ho fekk same type oppfølging frå skulen som ho ville fått ved ein ADHD diagnose.

Kvinna har rett til erstatning.